Håpet ligg i regnet

Denne varmen er eit uvêr som gjer folk glad.

TRENG REGN: Bergen er nydeleg når byen badar i sol, men ingenting kan samanlikne seg med dei reinvaska gatene etter ei bye, skriv Morten Myksvoll.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

Overskriftene om vêret har vore ei einaste lang jubelscene i år. Sommaren har vore fantastisk til no, for dei som likar å sole seg. Sommaren har vore fantastisk, viss ein har fri. Sommaren har vore fantastisk, viss ein ser vekk frå bøndene som lever av den.

Eg tar meg i å lengte etter regnet. Då det kom ein liten skur søndag, smilte eg.

Reaksjonen var tredelt.

Regnet er blitt ein vane, og eg er blitt glad i det. Ja, Bergen er nydeleg når byen badar i sol, men ingenting kan samanlikne seg med dei reinvaska gatene etter ei bye.

Eg budde i USA eit år, i Idaho. Der regna det nesten ikkje; i eit normalår regnar det om lag like mykje som me fekk i juni i fjor. Så når det først regna, gjekk eg ut. Alle, inkludert meg sjølv, tykte eg var rar. Men der sola kan svi, er sommarregnet svalt.

Det er eigentleg ikkje annleis enn når sola kjem fram etter ei nokre veker lang regnbye. Me treng variasjonen. Og ikkje berre fordi nokon av oss blir vêrsjuke av sola òg. Akkurat no er solskin eit uvêr.

Les også

Frode Grytten: Gi meg ei skur. Gi meg to.

For regnet gir liv til jorda. Folk lever av vêret, og no er det krise. Sommaren er hardt arbeid for dei som held jorda og produserer mat. I fjor regna sommaren vekk. I år tørkar han bort. Resultatet er dårlege avlingar.

Ifølgje Norsk Bonde- og Småbrukarlag, har mange kornbønder hatt ei avling på ein tredjedel av normalen. Fôrproduksjonen er òg råka.

Bergensbonden Jørn Erik Toppe har starta nettstaden fôrformidling.no, og på kort tid er det registrert meir enn 22.000 dyr som kjem til å mangle mat. Viss fôrkrisa ikkje vert løyst, må bøndene slakte fleire dyr enn planlagt. Det gjer nok kjøtet billegare, men smør og mjølk kan bli mangelvare.

Det er litt trist at grillforbod og ølmangel har fått meir merksemd enn dette.

Regjeringa har fjerna tollen på høy og halm, slik at det vert billegare å importere. Bøndene som ser på utlandet nærast som ein fiende, skal no vere glade for alt me kan klare å importere. Men krisa har råka heile Nord-Europa.

I Sverige ventar ein eit fall i produksjonen av kveite på 15–20 prosent, i Danmark om lag 35 prosent. Tyskland og Polen fell med om lag 6,5 prosent kvar. Heldigvis er det handel mellom statane, i det som samla sett er verdas største kveiteprodusent. Trass i den store nedgangen i nord, ser produksjonen i EU til å gå ned med berre fire prosent.

Det får sjølvsagt konsekvensar for prisnivået, men handelen dempar dei verste utslaga her i nord.

DÅRLEG AVLING: Sommaren er hardt arbeid for dei som held jorda og produserer mat. I fjor regna sommaren vekk. I år tørkar den bort. Resultatet er dårlege avlingar.

Det blir berre verre. Me veit at klimaendringane forandrar vêret. Det blir meir ekstreme utslag, med kaldare vintrar, varmare somrar, meir uvêr. Varme er allereie det vêrfenomenet som drep mest i USA. Og kvart år er i snitt varmare enn året før.

Éin varm dag er ikkje eit prov. Det er ikkje éin varm sommar heller. Akkurat som at snøvêr ikkje motbeviser at oppvarminga skjer. I april nådde me ein lite ærefull milestein. Det var den 400. månaden på rad, der gjennomsnittstemperaturen var varmare enn snittet for heile det 20. hundreåret.

Desse endringane vil gjere livet vanskelegare. Mange stader blir det umogeleg å dyrke mat.

Les også

Portrett av ei hetebølgje

Når ein jublar over «sydenvêr» i Bergen, så jublar ein over teiknet på at kloden blir varmare. Det er fint med sol, og det har vore fine somrar før. Men det skjer oftare no, og det kjem til å skje oftare i framtida.

Me kan nyte vêret, men det er faktisk ikkje noko å juble for.

Trøysta er at om nokre år, så vil ikkje desse to somrane sjå så ekstreme ut. For det er dette som kan bli den nye normalen. Mykje regn eller mykje tørke. Anten eller. Og kanskje eit unormalt år i midten.

Klimaendringane er vår tids største utfordring. Dei ligg ikkje og luskar langt der inne i framtida. Dei har allereie byrja. Viss det skal vere mogeleg å bremse endringane, må det krafttak til. Sjølv i Parisavtalen, er det rekna inn varige endringar.

Målet er å halde den globale temperaturstigninga under to grader. Ifølgje CarbonBrief, kan ei slik temperaturstigning forårsake ein nedgang i kveiteproduksjon på 16 prosent.

Det er fire gongar verre enn i år, for Europa. Årets sommar vil vere eit godår til samanlikning.

Håpet ligg i regnet. For me treng eit trendskifte, for at klimaet skal normalisere seg. Eller i det minste stabiliserast. Men det kjem ikkje til å skje av seg sjølv. Klimaendringane er forårsaka av utslepp, og for å stagge dei, må me kutte utsleppa våre.

Då det regna på søndag, smilte eg. Men det regna for lite. Det monna ikkje. Slik ser det ut for verda òg. Innsatsen monnar ikkje.

Få politisk redaktør Frøy Gudbrandsens nyhetsbrev hver onsdag ettermiddag. Meld deg på her.

Publisert: