Filma forbikøyring: – Eit under at det gjekk bra

Føraren medgir at det «kanskje ikkje var ei heilt grei forbikøyring».

Publisert: Publisert:

Søndag ettermiddag var Morten Ivarsen – som veldig mange andre – på veg til Sandvikvåg for å ta ferja til Halhjem. To kilometer før ferjekaia kvapp han til.

– Eg var midt i ein sving, og skjønte ingenting då ein bil kom susande forbi meg. Heldigvis kom det ikkje møtande bil då.

Bilen til Ivarsen er utstyrt med kamera og filma hendinga.

– Så legg den seg ut igjen for å køyre forbi neste, og då kjem det ein bil imot. Vi hoia i vår bil, og bilen som kom imot måtte langt ut på sida for å unngå kollisjon.

Han håpar videoen kan vere med å skremme folk frå å prøve seg på slike forbikøyringar.

– Det var eit under at det gjekk bra. Hadde politiet sett dette, hadde føraren mista førarkortet på staden, meiner Ivarsen.

BT har vore i kontakt med føraren av bilen.

– Eg har sett videoen, og ser at eg har forårsake ein skummel situasjon for andre og at det kanskje ikkje var ei heilt grei forbikøyring, seier føraren.

Publisert: