Dette er ingen strilekrig

Bommotstandarane prøver å yppe til strilekrig, men bommar totalt.

MOTSTAND: Protestane mot byvekstavtalen er sterkast i Alver, der FNB vart største parti i fjorårets val.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Kampen om byvekstavtalen blir avgjort i Alver og Øygarden. I dag er det kommunestyremøte båe stader. Dersom dei seier ja, vil staten signere avtalen.

Motstanden er størst i Alver. Der vart Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB) største parti i fjor, og saman med Framstegspartiet og Raudt er dei mot avtalen.

Men dei er langt unna å velte fleirtalet. Med 14 av 47 stemmer, er dei avhengig av at ti stemmer snur. Senterpartiet, som har ordføraren, er delt.

BOM: Samanlikninga mellom dagens debatt om byvekstavtalen og strilekrigen er fullstendig skivebom, meiner Morten Myksvoll.

Byvekstavtalens største problem er at altfor få veit kva den inneber. Det gjer det lett for kritikarane å angripe den, sjølv om det skjer på feil premiss.

FNB har laga ei annonse for kommunestyremøtet, der dei samanliknar byvekstavtalen med det som førte til strilekrigen i 1765. Samanlikninga illustrerer kor misforstått byvekstavtalen er.

Under strilekrigen kjempa bønder frå Nordhordland mot ein ekstraskatt, meint for å redusere Danmarks statsgjeld etter sjuårskrigen. Ekstraskatten var større enn den ordinære skatten, og kom på toppen av eit dårleg korn- og fiskeår i 1764. Nauda vaks. I dag er velstanden av ei anna verd.

Og no vil styresmaktene at fleire tar bussen, og vil bruke milliardar for å få det til. Strilekrigarane ville neppe blitt imponert.

Les også

Morten Myksvoll: «Bompengepartiets kollaps sender Bergen eitt år tilbake i tid»

FNB skriv at strilane vann krigen. Ja, dei vann over stiftsamtmannen, men dei måtte betale ekstraskatten likevel. Ikkje akkurat ein full siger.

Dette opprøret liknar meir på Fana-protesten frå 1776. Fanastrilane ville ikkje bidra med pliktarbeid på den nye vegen mellom Stend og Nordås. Dei var vande med båt, og meinte vegane var unødvendige. No er det Bybanen som er bortkasta, men det finst ikkje pliktarbeid lenger.

Kranglar om samferdsle er ikkje noko nytt. Men det finst ganske openberre skilnader mellom dagens protest mot byvekstavtalen og bondereisingar som strilekrigen: den skjedde før demokratiet kom.

I dagens kommunestyre kan partia stemme over ordninga. Dei som stemmer ja eller nei vart valde av folket. Det vart ikkje danskekongen.

Motstanden krinsar rundt to hovudpunkt: Byvekstavtalen vert sett på som ein bompengeavtale, og den avgrensar korleis kommunane kan drive utbygging.

Påstanden er at den vil legge bygdene aude. Det stemmer rett og slett ikkje.

Avtalen skal oppfylle nullvekstmålet, som er viktig for at Noreg skal klare klimamåla sine. Det betyr at folk må køyre mindre bil, sidan folketalet veks.

Skal det skje, bør utbygginga skje mest mogeleg sentralt og det bør vere bompengar på innfartsårene for å finansiere kollektivutbygging.

Men avtalen kjem ikkje med nye avgrensingar på kommunanes arealpolitikk. Den kjem heller ikkje med nye bompengar på slep.

Les også

Trym Aafløy lekker velgere i alle retninger: – Uforståelig!

Avtalen følgjer dei gamle kommunegrensene. Det betyr at det berre er gamle Lindås kommune som blir målt mot nullvekstmålet i Alver.

For å følgje opp målet, skal trafikken teljast ved å bruke spørjeundersøkingar. Men det mest konkrete trafikktalet kjem ved teljepunkt langs vegane. Og i Alver kommune er det berre slike teljepunkt rundt kommunesenteret i Knarvik. Det betyr at trafikken i størstedelen av kommunen ikkje blir talt.

Dersom avtalen ikkje blir noko av, vil bompengane i Bergen truleg auke. Staten auker nemleg sin andel av Bybanen til Fyllingsdalen, som er under bygging no.

Byvekstavtalen har ingenting å seie for bygginga, sidan den har starta allereie. Bana er finansiert med ein eigen bompengeordning. For byvekstavtalen er ikkje ein bomavtale.

Men seier ein nei til avtalen, går ein glipp av den ekstra statlege finansieringa. Dei pengane bidreg med å halde bompengegjelda nede.

Les også

Fylkestinget sa ja til byvekstavtalen, men striden fortsetter i strilekommunene

Eit nei til byvekstavtalen vil òg vere eit nei til mange andre prosjekt.

I Alver er dette blant dei mest aktuelle prosjekta: Ny kollektivterminal i Knarvik, betre busskapasitet til Bergen, betre lokalbussruter rundt Knarvik, meir innfartsparkering og kanskje viktigast av alle: Nordhordlandstunnelen.

Denne tunnelen ligg rett nok i Bergen, men om Alver ikkje er med, er det få i Bergen som kjem til å kjempe for prosjektet.

Motstanden mot byvekstavtalen er eit forsøk på å gjenopplive den bompengemotstanden som skylte over Bergensområdet i fjor.

FNB i Alver og andre stader vil gjere ombodsrolla til sitt bumerke. Då bør ein vere ærleg med veljarane: Om FNB fekk viljen sin i byvekstsaka, ville bompengane truleg gått opp.

Det er neppe nokon som rykker inn med avisannonsar om 250 år for å fortelje den historia.

Publisert: