Denne helga fekk me ei påminning om kor radikale Raudt eigentleg er

Raud Ungdom-leiar Amrit Kaur la ut ein video der ho omtala Jonas Gahr Støre som terrorist. Ho har seinare sletta videoen.

Terrorstemplinga av Støre sender tankane tilbake til fjorårets Raudt-landsmøte.

Publisert: Publisert:

Me har blitt vande med å sjå Raudt som eit systemkritisk parti med profilane Marie Sneve Martinussen, Mímir Kristjánsson og Sofie Marhaug i spissen.

Dei er radikale, men ikkje ekstreme. Denne helga fekk me ein påminnar om kva som òg beveger seg i Raudt.

Raud Ungdom-leiar Amrit Kaur stempla Jonas Gahr Støre, Jens Stoltenberg og Nicolai Tangen som terroristar i ein Tiktok-video fredag.

Noreg har nemleg investert i våpenselskap som har avtalar med Israel. Det er sjølvsagt legitimt å demonstrere mot norsk utanrikspolitikk – og Israels grufulle krigføring på Gaza-stripa.

Terrorstemplinga hennar er likevel hinsides all fornuft. Kristjánsson er éin av mange som reagerer.

Kaur har seinare beklaga, spesielt sidan det gjekk hardt utover AUF. Dei reagerte skarpt på at Raud Ungdom-leiaren kunne finne på å bruke same ord om Støre som den norske stat bruker om 22. juli-terroristen.

Same helg kritiserte generalsekretæren i Raud Ungdom AUF for å «bruke 22. juli som et motargument mot folk som kritiserer Støre». Så sa han at Støre ikkje er terrorist, men at han støttar terrorisme.

Den aggressive tonen ser meir ut som eit mønster enn ei avsporing.

Les hele saken med abonnement