No kan du lese Donald på nynorsk

Denne romjula dukka noko nytt opp i snakkeboblene til Donald Duck.

NYNORSK-DONALD: Det er femti år sidan forrige gong Donald Duck var på nynorsk. I romjula kom eit nytt blad ut.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over åtte år gammel

Då det for eit år tilbake dukka opp ein karakter i Donald Duck som snakka nynorsk, tenkte mållaget at dette ville dei ha meir av.

Dei starta Facebook-gruppe og opprop, i tillegg til å leggje massivt press på Donald-redaktør Marius Molaug. Han hadde sansen for engasjementet, og i romjula kom eit eige blad på nynorsk.

— Kjekt

INSPIRASJON: Karakteren Rarill Krise frå denne stripa i fjor førte til kampanjen for eit heilt blad på nynorsk.

— Dette er stor stas for oss i mållaget, og for alle ungar som treng å lese meir nynorsk. Det er ikkje mykje nynorsk å spore i barnekulturen, difor er det ekstra kjekt at eit så populært blad som Donald gjer dette, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.Det var Framtida som først omtalte saka.

Ho håpar andre populære teikneseriar følgjer eksempelet.

— Eg håpar at kampanjen vår viser at dette er noko folk vil ha. Dette er viktig for at fleire barn og ungdom skal lese nynorsk, seier ho.

Imponerte

Ho kjøpte bladet til sine to sonar på ni og 13 år.

— Kva synest dei om resultatet?

— Kva synest dykk?

— Dritbra!

— Dei seier dei syntest det var dritbra, seier Tennø.

Donald-redaktør, Marius Molang, seier det er kjekt at så mange tykkjer Donald er kult.

– Det var veldig morosamt med merksemda sist. Facebook-oppropet for nynorsk sette i gang tankegangen, og dette albumet er ein slags respons på engasjementet, seier han.

Publisert: