Han fekk telefon frå Noregs Mållag med eit merkeleg spørsmål

– Dei fortalde ikkje berre at eg hadde vunne ein pris. Dei spurde òg om eg ville ta imot den. Kva er det for slags spørsmål? tenkte eg. Men så kom eg på Susanne Sundfør som nekta å ta imot prisen for beste kvinnelege artist. Kanskje eg skulle gjera som henne.

FEKK PRIS: Anders Totland fekk Nynorsk barnelitteraturpris 2016 for ungdomsromanen «Engel i snøen».
  • Forfatter
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Først av alt vil eg takka Noregs Mållag, som har valt å gje Nynorsk barnelitteraturpris 2016 til ungdomsromanen «Engel i snøen». Som forfattar – men mest av alt som menneske – er det alltid kjekt å få skryt. Ikkje minst når det følgjer med ein slump pengar, slik det gjer her.

Då eg fekk telefon frå Noregs Mållag, fortalde dei ikkje berre at eg hadde vunne. Dei spurde òg om eg ville ta imot. Kva er det for slags spørsmål? tenkte eg. Men så kom eg på Susanne Sundfør som nekta å ta imot prisen for beste kvinnelege artist. Kanskje eg skulle gjera som henne, og seia at eg først og fremst er forfattar, og ikkje nynorskforfattar?

Det finst dei som går rundt og seier sånne ting. Som er inderleg opptekne av at identiteten deira ikkje først og fremst skal definerast av kva målform dei har valt å bruka i bøkene sine. Der er ikkje eg. Ikkje enno, i alle fall. Det kan det vera fleire grunnar til. Det viktigaste, trur eg, er at eg aldri har valt å skriva nynorsk. Bortsett frå den eine gongen på 2000-talet eg blei sniken med på eit slags årsmøte i Sogn og Fjordane, som viste seg å vera mykje meir kontroversielt enn eg forstod då, har eg i grunn aldri engasjert meg for språket.

Eg skriv ikkje nynorsk fordi eg synest det er så mykje betre enn bokmål. Eg har aldri gått med «Takk Ivar»-pins, sjølv om den eg fekk på Vestlandsrevyen for nokre år sidan var veldig fin. Eg har aldri lete meg provosera av spynorsk mordliste, og eg synest i grunn det er hipp som happ kva språk det er i bøkene eg sjølv les.

Når det er sagt, finst det veldig mange gode nynorskforfattarar og bokfolk, anten dei kallar seg det sjølv eller ikkje. Sjå berre på lista over tidlegare vinnarar av Nynorsk barnelitteraturpris. Marit Kaldhol, Hans Sande, Einar Økland, Rune Belsvik og Erna Osland. Arnfinn Kolerud, Bjørn Sortland, Lars Mæhle, Guri Vesaas og Olav H. Hauge. Sånn kan du halda på og ramsa opp i det uendelege. Eller i alle fall tilbake til 1968, med unntak av dei tre åra prisen ikkje har blitt delt ut.

Og Ragnar Hovland, han må me ikkje gløyma. Han har vunne prisen fire gonger, og er dermed forfattaren som har fått den gjæve prisen flest gonger. Han gav også ut ungdomsroman i 2016, så noko lett kåring kan det ikkje ha vore. Sånn sett er eg utruleg glad for at eg ikkje debuterer som ungdomsbokforfattar i år. Samlaget har nemleg varsla at Maria Parr kjem med ny barnebok i haust, og historikken viser at det er ein umogeleg match.

Fleire av forfattarane eg har nemnd, kjem frå det same nabolaget som eg har vakse opp i. I alle fall om me ser litt stort på det. Sunnhordlandslitteraturen har endåtil blitt eit begrep, sjølv om eg ikkje heilt har forstått kva det eigentleg rommar, om det skal definera ein spesiell type litteratur. Berre i den vesle bygda eg bur i, i Valen i Kvinnherad, kan me stilla eit fulltalig sandvolleyballag med innbytar, dersom me samlar alle vinnarane av Nynorsk barnelitteraturpris som bur eller har budd her.

Å veksa opp, og bu, i slik kår, gjer noko med den språklege sjølvtilliten. Dei plassane eg har budd og skrive – på Bømlo, Stord og i Kvinnherad – har eg alltid vore ein del av fleirtalet. Her er det bokmålsbrukarane som er avvikarar. Det er dei som blir hengt ut på leiarplass i lokalavisa (heia Sunnhordland!).

Samstundes er eg smerteleg klar over at situasjonen er ein heilt annan i store deler av landet. Kampen for to likestilte skriftspråk må kjempast kvar dag, og dei dagane eg hugsar det, sender eg varme tankar til alle som bryr seg nok til å ta kampen.

For min eigen del har eg valt den mest stillferdige aksjonsforma av dei alle. Eg går ikkje i tog og eg skriv ikkje lesarbrev. Eg er ikkje medlem i noko språkorganisasjon og eg skriv ikkje sinte høyringsuttalar. Men eg skriv. Eg skriv bøker for ungdom, som er så korte og lette å lesa at ungdommane vonleg ikkje lar seg skremma når dei forstår at boka er skriven på nynorsk. Samstundes tar eg lesaren på alvor, og håpar at tyngda av litteraturen vil fjerna inntrykket av at boka var lett og kort.

Og kvar gong byungdommen spør kvifor eg ikkje heller skriv bokmål, svarar eg det same: Bokmål er fint i dikt.

Publisert: