Fyrblues for Utvær

I lang, raud knappekjole står fyret der. Som ei stor, stødig og vaktande mor stryk det havet kjærleg god natt med dei lange strålane sine. Tysdag reiser dei som pussar prismene i land.

Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over 20 år gammel

EVA RØYRANE

DÅ BLIR DET MØRKT i fyrvaktarbustaden. Det blir ikkje lenger mogeleg å telja knappane på den raude kjolen. Fyrstasjonen blir nedlagd. Fyrlykta øvst i det 31 meter høge støypejarnstårnet må heretter greia seg utan dagleg tilsyn og regelmessig prismepuss. Frå no av vil det koma nokon for å byta lyspære ein gong i året.

«Eit lysstreif over himlen, eit kveldskyss i ei natt»

Kvart trettiande sekund strekkjer to lysstrålar seg milelangt av garde frå denne holmen lengst vest i havet. Frå foten av fyret ser det ut som om strålane sveiper over heile horisonten. Tre og ei halv mil unna er det mogeleg å sjå dette lyset. Båtar som kjem inn frå havet kan ved hjelp av fyret finna ut kvar dei er. Fyret er framleis eit nyttig supplement til meir moderne navigasjonsmiddel.

Oppe i tårnet glitrar det. Prismekruna sviv ustanseleg, rundt og rundt. Når mørkret kjem, slår lyset seg på automatisk.

« ... eit farty kunne klinke i berget med eit skrall, om ikkje du let lampa gå med faste intervall, signala må på lufta når dei skal.»

Automatiseringa av fyra på norskekysten har no avfolka alle fyra i Hordaland og Sogn og Fjordane. Når dei tilsette dreg frå Utvær og Ytterøyane komande veke, har stortingsfleirtalet fått det som dei vil. Heretter skal to vedlikehaldslag, eit i Florø og eit i Haugesund sjå til fyrstasjonar, fyrlykter, bøyer og lanterner etter behov.

«Og aldri må det gå det slik at fyrdøra blir låst! ... nei, fyrfolka må stryke deg og halde deg ved lag, pusse deg på linsa og hegne om di sjel og fylgje skip og sjarkar slik at alle ting går vel.»

Så gjekk det slik likevel. At fyrdøra blir låst. Det var vel det han frykta, lokalhistorikar Hans H. Steinsund i Solund, som skreiv prolog til fyret sitt 100-årsjubileum i år 2000.

Fungerande fyrmeister Einar Skavøy på Utvær har vore med på stengja fleire andre fyrstasjonar. Først Stabben, så Kvannhovden. Fyrbetjent Torbjørn Vestergaard var den siste som forlet Slåtterøy fyr i fjor sommar. Det er han som tek i mot oss når postbåten legg til kai på Utvær.

Han har vore her i åtte månader og har mest berre hatt dårleg vêr. I dag er det stilt og mildt og nesten flatt hav.

UTVÆR. Ein gong eit velståande fiskarsamfunn ytst ute i Solund kommune med kring tre hundre fastbuande. Ein velstand bygd blant anna på hummar og raudspette. Eigen skule var det her, og kapell som blei flytta til ei av naboøyane i 1719, til store protestar frå dei sjøfarande som mista eit viktig seglingsmerke. Den gongen hadde dei ikkje fyret å lita på.

180 mil lenger vest ligg Shetland. Vikingane brukte Utvær som samlingsplass før utferdene vestover havet. Ein brynestein som visstnok blei brukt til pussing av sverd før avreise, er ein av turistattraksjonane på øya.

I femten år, frå midt på 80-talet, var dei tilsette på fyret åleine på Utvær i vinterhalvåret. Så flytta Jon Utvær tilbake til barndomsøya. Ein Nordsjø-arbeidar held tidvis til i nabohuset.

— Det blir uvant med tomt fyr, seier Jon som var lei av livet i byen, og som ikkje lenger hadde helse til å jobba til sjøs.

— Åleine er eg her ute, men ikkje einsam. Det er alltid noko å finna på. Om somrane kryr det av folk her, då blir det nesten for mykje av det gode, 40-50 menneske, fullt i alle hus.

Det koselege bestemorhuset hans ligg midt på øya, i livd for alle vindane som veit å herja vilt her ute. I blomsterbeda hans blømer tusenfryd, tulipanar og primula. Snart skal han setja poteter i jorda. Han er spent på korleis det blir med postlevering og fast båtrute no når fyrfolket fer.

EINAR SKAVØY er i Florø med fyrbåten som treng service. Torbjørn Vestergaard har lenge venta på at vêret skal bli godt nok til at han kan skifta vindauge øvst i tårnet. Det kan bli rolege dagar på fyret når vêrgudane stoppar så vel vedlikehald som nødvendige oppdrag på lykter langs leia. Og det skjer.

Då sit dei der, fyrane på fyret. Ser fjernsyn, drikk kaffi, lagar mat, ryddar i huset eller les. Vi merkar oss at det er teljekant på stabelen av Vi Menn.

Andre tider har dei det travelt. Fyrvaktaren bør helst vera ein nevenyttig mann med evne til å kjeda seg.

Torbjørn står ved vindauget med kikkerten heva. Slik står han ofte.

— Eg veit om mange det ville ha klikka for etter ein månad her ute, seier han. Sjølv trivst 25-åringen, sjølv om det har vore einsamt til tider. Det han saknar mest er sonen på tre.

Minna om gode naturopplevingar tek han med seg til lands. Spesielt kjensla av å stå ute på plattforma øvst i fyrtårnet under ein strålande stjernehimmel.

UTVÆR FYR er freda av Riksantikvaren. På grunn av ingeniørkunsten og fordi fyret er ein miljøskapar. Fleire lag og organisasjonar har meldt si interesse for fyrstasjonen med tanke på turistdrift på staden. Kystverket har så langt ikkje bestemt seg for kven dei skal sleppa til med fyrturisme.

Eva Klausen håpar turistpotensialet på Utvær kan vera med på å tryggja båtsambandet til fastlandet for framtida. Ho har vakse opp på Utvær fyr, som dotter til fyrmeisteren. Det var den gongen då dei tilsette på fyret hadde familien med til havs. Eva gifta seg med ein av gutane på øya, no når dei er pensjonistar, bur dei på Utvær store delar av sommarhalvåret.

Eva Klausen og nokre andre sommargjester har gjenreist Paradis på Utvær. Eit parkliknande hage som ligg på ein lun og solrik plass i ly for både synnavind og iskald sommarvind frå nord.

Paradis var opphaveleg fyrmeisterassistenten sitt frynsegode, hans private kjøkenhage. No er det solhole, hage og samlingsplass for alle som bur på øya. Påskeliljene blømer for tida iherdig. Om hausten kan her vanlegvis haustast både åkervekstar og bær.

— Det er ille at fyrstasjonen blir stengt, synest Eva Klausen. Ho er redd det blir annleis på Utvær no.

MØRKRET SIG PÅ, knappekjolen blir beksvart. Ein hås måse seier sitt og forsvinn. Hadde sikten vore litt betre, ville vi sett lysa frå «Gullfaks A»-plattforma rett vest. Tårnet her og tårnet der symboliserer kvar si tid. Fyra var med på å gjera Noreg til ein sjøfartsnasjon. Plattformene skapte oljenasjonen.

Fyra er på veg ut. Kva kjem etter oljen? Fisk finst det ikkje lenger i farvatna omkring Utvær.

KVELDSKYSS: Utvær fyr skal framleis senda sine regelmessige kveldskyss til havs. Men fyrstasjonen blir avfolka i komande veke. Då er automatiseringa av fyra på Vestlands-kysten fullførd.<p/>FRED IVAR KLEMETSEN (foto)
SLØKKJER LYSET: Fyrbetjent Torbjørn Vestergaard sløkte lyset på Slåtterøy fyr sist sommar. No er han blant dei siste som forlet stasjonen på Utvær.<p/>FRED IVAR KLEMETSEN (foto)
LENGST VEST: Ingen bur så langt vest i Noreg som dei som bur på Utvær. Når fyrfolket dreg, blir det berre ein fastbuande att.<p/>FRED IVAR KLEMETSEN (foto)
KOM TILBAKE: Jon Utvær vaks opp her, reiste ut og kom tilbake for tre år sidan. Han har ingenting imot å bu åleine langt til havs.<p/> FRED IVAR KLEMETSEN (foto)
Publisert: