Her kjem redninga ved Herdla

Helikoptervideo viser redningsaksjonen etter at 48-åring måtte hoppe frå havarist i Nordhordland.

Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over åtte år gammel

Seglbåten

Les også

sto i full brann på Herdlafjorden

i Nordhordland. Ein 48 år gammal båtførar sende ut mayday-signal på radioen, onsdag kveld.

Der høyrde Oddvar Hulbak, kaptein i CHC Helikopterservice, nødmeldinga.

Han og besetninga på fire andre var på veg på eit oppdrag frå Statfjord B-plattformen, der dei var stasjonert, til Flesland.

— Vi var ti minutt unna, seier Hulbak på telefon til BT frå Statfjord B dagen etter det han kallar ein godt koordinert redningsaksjon.

Søkte med briller og kamera

Rett etter naudmeldinga, tok mannskapet kontakt med Hovedredningssentralen – og blei sendt til den brennande, 33 fot store seglbåten.

— Då vi kom inn fjorden, såg vi flammane. Samtidig høyrde vi at luftambulansen kom, seier Hulbak.

Mannskapet filma heile aksjonen, og har redigert eit samandrag du kan sjå øvst i saka.

  • **Mannen måtte
Les også

hoppe i sjøen frå den brennande seglbåten

.**

Dei to helikoptermannskapa avtalte at luftambulansen, der mannskapet har nattsynbriller, først skulle ta eit visuelt søk. Der såg luftambulanse-mannskapet det som såg ut som to menn på svøm i vatnet.

OPP I LUFTA: Mannskapa fekk løfta pasienten i helikopteret ved hjelp av eit tau.

I røynda var det båtføraren som svømde med ei redningsdrakt på slep.

Den 48 år gamle seglaren kom seg på land medan dei såg på. I mellomtida gjekk Hulbak og mannskap inn med varmesøkande kamera.

— Vi hovra rundt i røyken for å forsøke å finne fleire, seier kaptein Hulbak.

Kald, men frisk

Den forliste mannen vinka til dei frå land. Sidan redningsmannskapa ikkje visste om det var fleire ved båten, prioriterte dei å halde fram søket rundt båten.

— Han vinka og såg for så vidt frisk og rask ut. Han var sikkert kald, men ikkje i livsfare. Sidan det var uvisst kor mange som var på den brennande båten, prioriterte vi å søke vidare framfor å heise han opp på land.

MAYDAY: Helikopteret var på veg til Flesland med ein pasient frå Statfjord, då meldinga om mayday kom.

Luftambulansen sette også ut ein person på land, som deretter svømde ut mot den brennande båten, fortel Hulbak.

Den forliste seglaren blei sidan plukka opp av Hovedredningssentralens Sea King-helikopter, som kom rundt 20 minutt etter.

Plutselig kantra jolla til Erlend (21) og Lars (20).

Les også

Gjensynsgleda var stor då dei to blei redda i land.

CHC Helikopterservice, som jobbar på oppdrag for Statoil, blir regelmessig brukt av Hovedredningssentralen for redningsoppdrag langs kysten og i Nordsjøen.

Køyrd heim av politiet

I tillegg til dei tre helikoptera som blei sendt til havaristen, rykka også andre redningsmannskap ut.

REDDA: Her er redningsfolka framme hos seglaren.

— Vi hadde tre helikopter på veg til båtbrannen. Vi nytta eit Sea King-helikopter frå Florø ved sidan av Luftambulansen frå Bergen. I tillegg hadde vi eit helikopter som var på veg frå Nordsjøen med ein pasient. Forsvaret og redningsselskapet rykka også til Herdlafjorden, så det mangla ikkje på ressursar, sa redningsleiar Eirik Walle ved Hovedredningssentralen til BT i går.

Den forliste seglaren blei tatt med til Grønneviksøren i Bergen og vidare på legetilsyn. Tidlegare torsdag fortalde politiet at dei til slutt køyrde mannen heim i natt.

KRAFTIG BRANN: Her er den brennande seglbåten, filma med infraraudt kamera frå helikopter.

— Då var han i fin form, men lei seg for eigedelane han hadde mista i båtbrannen, sa operasjonsleiar Kjersti Eidsnes ved Hordaland politidistrikt då.

Her skjedde forliset:

Publisert: