Bergensk gatekunst stor i Europa

Ein original av sjablongkunstnaren Dolk går for over 15.000 kroner på nettet. Fans frå heile verda rosar bergensaren.

Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over 16 år gammel

Gjennom nettsida handmadeposters.com sel gatekunstnaren original lerretkunst til 1500 britiske pund for eit eksemplar. Verka «Grenade Lovers» og «Police Line» er spraymåla på lerret, og finst i femten utgåver kvar. Salet frå nettsida byrja i slutten av april i år.

På nettsida ligg også originalar av Sixten og Pøbel, to andre norske gatekunstnarar. Desse har ein pris på kring 1.000 pund.

Paris, Barcelona, Praha og Berlin. Det er berre nokre av storbyane Dolk har vitja med sjablongane sine.

På nettstaden flickr.com kan fotografar frå heile verda leggja ut bilete, og eit søk på «Dolk» gir nærmare 900 biletresultat. Dei aller fleste av desse treffa er foto tekne av Dolk sine visittkort, som han har lagt ifrå seg på vegger rundt om kring på kontinentet.

Tredobbel pris på eBay

Dolk har halde på med gatekunst i rundt fire år. I eit intervju med Studvest i 2005 fortalde han at planen hans var å markera seg i alle dei europeiske landa. Tre år seinare ser det ut til at planen er godt i gong.

Fleire av motiva som er å finna rundt om i Europa, er dei same ein finn på vegger i Bergen.

På nettsida Pictures on Walls kan ein bestilla avtrykk av Dolk sine verk, til prisar som ligg rundt 100 britiske pund. For tida er alle utselde, og dette har ført til at slike avtrykk blir selde på auksjonsnettstaden eBay. Seinast i april i år blei eit avtrykk auksjonert bort til 320 britiske pund.

Framleis ligg det verk til sals på nettstaden. Eit signert «Che»-bilete, som er trykt opp i hundre eksemplar, har i dag ein kjøpspris på 225 pund på eBay.

På utstilling med Banksy

I april i år var «Che» stilt ut i baren 4 Dame Lane i Dublin, saman med verk av blant andre Banksy. Jonathan Lynn jobbar i baren, og er gjennom arrangørgruppa Anewspace ansvarleg for rundt 15 årlege utstillinga i barlokala.

Han oppdaga Dolk gjennom nettsida Pictures on Walls, der ein kan bestilla avtrykk av kunstnaren sine verk.

— Han er verkeleg ein utruleg talentfull fyr, seier han på telefon frå Dublin.

— Verka hans er smarte, og klarar å illustrera ein tanke me alle har hatt i bakhovudet, seier han og viser til «Che».

Ifølgje Lynn er gatekunst stadig meir populært i Dublin, med eit veksande miljø. Dolk-biletet blei selt allereie opningsdagen.

Etter det BT kjenner til, er Dolk utanlands for tida - sannsynlegvis for å føra opp ny bergenskunst i storbyane.

Publisert:

BT anbefaler også disse sakene