- Ikkje typisk for Høgre-politikarar

Warloe seier seg einig i at partiet han representerer gjerne ikkje assosierast ofte med graffiti.

Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over 16 år gammel

— Eg kjenner meg ikkje som ein typisk eksponent for Høgre sin kulturpolitikk, seier kulturbyråden.

I Bergen har lokalpolitikarar samarbeidd med kunst- og graffitimiljø om å setja opp lovlege vegger til graffitibruk. Warloe sine partifellar i Oslo har derimot nulltoleranse overfor graffiti.

Bergensaren meiner dette er ein lite framtidsretta politikk.

— Her i Bergen har me prøvd å leggja til rette for graffitiaktivitet, gjennom oppføringa av dei lovlege graffitiveggane. Dette fordi me ønskjer at unge kunstnarar som vil utfalda seg utandørs og i byrommet, skal få høve til det utan å måtta bryta lova.

Warloe trur det kan vera mogleg at bergensarar har fått større sans for gatekunst gjennom kommunen sitt samarbeid med graffitimiljøet.

— Likevel er det viktig å skilja mellom det som er kunst, og det som er simpel tagging. Det er ikkje slik at det er fritt fram for nokon som helst å skribla på vegger i byrommet.

Publisert:

BT anbefaler også disse sakene