Stortinget har endeleg tatt inn over seg alvoret i skandalane

Ei grundig gransking frå Riksrevisjonen er heilt på sin plass.

Stortingspresident Masud Gharahkhani er blant dei som teke initiativ til den inngåande granskinga.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

Riksrevisjonen skal granske alle økonomiske ordningar som stortingspolitikarar har.

Aftenposten skriv at dei skal vurdere dagens regelverk, men også gå inn i enkeltsaker og vurdere om det er aktuelt med straffereaksjonar og tilbakebetaling.

Bestillinga kjem frå Stortinget sjølv, på initiativ frå presidentskapen. Dei meiner dei folkevalde står midt i ei «tillitskrise» og vil no at Riksrevisjonen går grundig til verks.

Det gjer dei lurt i, og vitnar om at dei til slutt har sett alvoret i skandalane om økonomiske fordeler.

For det er først etter eit halvt år med stadig nye avsløringar om pendlarbustader, bruk av privatsjåfør og skattefordelar at Stortinget ber om denne inngåande granskinga. I starten meinte Stortinget det ville vere tilstrekkeleg å gå over regelverket, men ikkje å gå inn i enkeltsaker. Dei ville også helst granske seg sjølv. Det var openbert ei feilvurdering.

Både Skatteetaten og politiet har sett i gong eigne undersøkingar av forholda på Stortinget. Det er ein alvorleg og pinleg situasjon for vårt øvste folkevalde organ.

To av tre nordmenn mista tillit til dei folkevalde på Stortinget i fjor haust. Det er alvorlege tal.
Les også

Masud Gharahkhani innstilt som ny stortingspresident: – Vi skal rydde opp

Tidlegare presidentskap har hindra Riksrevisjonen frå å undersøke tilhøva ved Stortinget. Det viste seg å vere ei dårleg avgjerd og må ikkje skje igjen.

To av tre nordmenn svara i desember at dei hadde fått svekka tillit til våre folkevalde etter alle skandalane. Det er så mange døme på tvilsame saker at ein må spørje seg om det er ein etablert ukultur på Stortinget. Uttrykket «tillitskrise» er absolutt dekkande.

Det er samtidig viktig å presisere at ordningar som pendlarbustad er heilt nødvendig for demokratiet. Folkevalde som er busett over heile landet skal kunne møte på Stortinget utan å måtte investere i eigen bustad i Oslo.

Nødvendige ordningar er det altså viktig at Riksrevisjonens tek vare på i sitt arbeid. Men Stortinget må samtidig få på plass eit lovverk som sikrar at ordningane ikkje blir misbrukt. For det er ingen tvil om at det har skjedd.

Publisert: