Regjeringas handsaming av Fiskeridirektoratet ber preg av eit politisk ran

I løynd undergrev regjeringa delar av landets viktigaste havforskingsmiljø. No må statsministeren klargjere kva dei driv med.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) hyllar «havbyen Bergen», medan regjeringa hans jobbar for å svekkje nøkkelinstitusjonar det marine miljøet.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

Den siste månaden har BT avslørt eit politisk spel for å flytte sentrale fiskerifaglege miljø frå Bergen til Nord-Noreg.

Store delar av prosessen har skjedd i løynd. Alt tyder på at det er medvite, for å unngå motstand mot flytteprosessen.

Dette skjer samstundes som regjeringa, med statsministeren sjølv i spissen, hyller «havbyen Bergen».

Då BT førre veke konfronterte Jonas Gahr Støre (Ap) med spriket mellom festtalane og utflyttingsplanane, avviste han at miljøa i Bergen hadde grunn til å vere urolege.

Fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen.

Det er rett og slett ikkje truverdig. Avsløringane i BT tyder på at utflyttinga er ein medviten kampanje frå regjeringa, i samarbeid med fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen.

Ein i utgangspunktet fornuftig omorganisering av Fiskeridirektoratet er blitt brukt som springbrett for utflytting.

Det skjer etter at fiskeriminister Bjørnar Skjæran, som til liks med Bakke-Jensen er frå Nord-Noreg, i oktober gav instruks om at «nye stillingar som den klare hovedregel skal etableres i distriktene eller i Nord-Norges byer».

Fiskeriminister Bjørnar Skjæran (Ap).

I forkant endra òg kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) lokaliseringspolitikken til regjeringa.

Etter endringa i august skal ikkje lenger statlege arbeidsplassar flyttast berre ut av Oslo, men òg dei andre storbyane i Sør-Noreg.

No verkar det som om regjeringas vraking av samlokalisering av Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet i Bergen òg er ein del av same planen.

Vrakinga skjedde etter at fiskeridirektør Bakke-Jensen i ein hemmelegstempla rapport sa at dei ikkje lenger prioriterte samlokaliseringa som direktoratet hadde jobba for i 15 år. Bakke-Jensen avviser at dei to hadde noko med kvarandre å gjere.

Kommunal- og distriktsmininster Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Bakke-Jensen seier vrakinga skjedde etter ein «verbal dialog» med nokon i regjeringa. Han vil ikkje seie kven han snakka med, og det finst ingen skriftleg dokumentasjon.

Slik kan ikkje ei regjering forvalte landets viktigaste havforskingsmiljø.

Heile prosessen ber preg av eit politisk ran, der regjeringa er for feig til å ta kampen i ope lende.

Støre og fiskeriminister Skjæran må tre ut av skuggane, og fortelje kva som eigentleg er regjeringas mål.

Publisert: