Regjeringa viser igjen at dei gjev blaffen i Vestlandet

Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) har i praksis endra regjeringas politikk i det stille, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva.

Regjeringa vil ikkje flytte statlege arbeidsplassar ut av Oslo. Difor går dei no laus på andre byar.

Publisert: Publisert:

iconDenne artikkelen er over ett år gammel

I september i fjor skreiv eg at bergensaranes frykt for at nordlendingane ville kuppe Fiskeridirektoratet verka noko oppskrudd. Eg tok feil.

I det stille har fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen flytta to av dei tyngste leiarstillingane til Tromsø og Bodø. Det trass i at dei aller fleste som jobbar under desse leiarane sit i Bergen.

Fiskeriminister og nordlendingen Bjørnar Skjæran (Ap) roa ned bergensarane med å love at hovudkontoret framleis skulle ligge i byen.

Kort tid etter følgde han i det stille opp med eit nytt krav om at «nye stillinger som den klare hovedregel skal etableres i distriktene eller i Nord-Norges byer».

I praksis bety det at når ei stilling i Bergen blir ledig, kan Bakke-Jensen opprette ei ny i nord framfor å fylle den same stillinga i Bergen. Dermed ligg det til rette for ei gradvis flytting til nord.

Les hele saken med abonnement