Dei skulle ta kontroll frå kontinentet

Britane slepp uroe seg for at det blir vanskelegare å reise til Europa etter brexit. For det kjem dei ikkje til å ha råd til.

INGEN AVTALE: – Statsminister Theresa May har ikkje fleirtal i sitt eige parlament for avtalen med EU akkurat no. Rarare ting har kanskje skjedd, men det er vanskeleg å sjå korleis ho skal stable det fleirtalet på beina, skriv Morten Myksvoll.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

Bank of England kom med nye brexit-tal i førre veke. I verste fall kan økonomien krympe meir av EU-utmeldinga enn av finanskrisa i 2008.

Sentralbanksjef Mark Carney måtte difor gå lenger tilbake i historia for å finne eit mogeleg samanlikningsgrunnlag for ein «no deal»-brexit: Han sa at utmeldinga frå EU kan bli det største slaget mot britisk økonomi sidan andre verdskrig.

Då vart Storbritannia bomba.

Rapporten ser på ulike utfall for den pågåande krisa. Konklusjonen er at det vert verre enn slik det såg ut før folkeavstemminga, uansett scenario.

Sentralbanken set opp fire utfall, i to hovudretningar:

I beste fall blir det eit tett eller mindre tett økonomisk samarbeid. I verste fall blir det ingen avtale, og sentralbanken delar det alternativet opp i høflege ord som anten «forstyrrande» eller «uordentleg». På norsk ville me kanskje sagt «bråkete» eller «forferdeleg bråkete».

Les også

Ingen jubel for brexitavtalen i Parlamentet

Det er reell fare for at britane endar opp med å gå ut av EU utan ein avtale. Då vil det stå mellom dei to verste utfalla.

Statsminister Theresa May har ikkje fleirtal i sitt eige parlament for avtalen med EU akkurat no. Rarare ting har kanskje skjedd, men det er vanskeleg å sjå korleis ho skal stable det fleirtalet på beina.

Slike sjokktal som Bank of England kom med, kan vere det einaste som kan overtyde parlamentet om å stemme for avtalen hennar. Dei skal votere 11. desember. Tapar May i parlamentet, står britane på bar bakke før utmeldinga er eit faktum i mars.

KRISETAL: Den britiske sentralbanken har rekna på mogelege utfall etter EU-utmeldinga. – Britane skulle ta tilbake kontrollen, men alt dei fekk var dårlegare råd, skriv Morten Myksvoll.

I verste fall kan verdiskapinga falle med åtte prosent. Bustadprisane kan falle med 30 prosent. Pundet kan falle med 25 prosent. Arbeidsløysa kan stige til 7,5 prosent. Inflasjonen kan stige til 6,5 prosent.

Britane skulle ta tilbake kontrollen, men alt dei fekk var dårlegare råd.

Det blir ikkje dei nye avgiftene britiske turistar må betale til EU som blir problemet. Mange britar vil ikkje ha råd til sjølve reisa.

Fleire kjem til å bli fattige, og fleire kjem til å hamne på gata.

Ser ein vekk frå dei høgste tala, vil det framleis vere ille. Det mildaste talet på arbeidsløyse i eit scenario utan ein brexit-avtale, er nær seks prosent. I dag ligg arbeidsløysa rundt fire.

700.000 fleire arbeidsledige er i seg sjølv ei vanvettig sjølvskading. Saman med sterk prisvekst og lågare produksjon kan det bli ein langvarig nedtur.

Sjølv i beste fall vil ein «hard» brexit setje britane langt tilbake i tid.

Les også

BTs leiar: May har hatt umogeleg oppgåve

Kritikarar, som den erkekonservative parlamentarikaren Jacob Rees-Mogg, har allereie vore ute og skulda sentralbanken for å spreie hysteriske teoriar. Det var ganske føreseieleg, sidan han for tida er talsmannen til dei mest hardbarka brexit-forkjemparane.

Det er meir interessant at ein økonom som nobelprisvinnar Paul Krugman har vore skeptisk til rapporten.

Krugman meiner det er openbert at britane vert fattigare av brexit, men at åtte prosent tap i brutto nasjonalprodukt høyrdest for høgt ut. Det kan hende.

Sentralbankens argument er at brexit er heilt unikt. Ingen veit kva som vil skje. For ein så stor økonomi har aldri før gått ut av eit så innvikla samarbeid.

HARD BREXIT: Jacob Rees-Mogg er talsmannen til dei mest hardbarka brexit-forkjemparane, og vil stemme mot Mays EU-avtale.

Mat- og landbrukssektoren er den bransjen som vert hardast råka av ein avtalelaus brexit. Den er, saman med transportbransjen, mest avhengig av EUs frie flyt av folk over landegrensene.

Bransjen vert òg hardast råka av grensekontroll og redusert EU-finansiering.

Nesten 20 prosent av landbruks- og matbransjen – og ti prosent av transportbransjen – er basert på arbeidskraft frå EU.

Les også

BTs leiar om EØS: Grunnplanken

Les også

Hans K. Mjelva: EØS-avtalen kan ryke

På sikt er det andre bransjar som kan få mest problem. Rapporten ser berre på mogelege effektar fem år fram i tid, men både britisk bil- og kjemisk industri er langt meir avhengige av eksport enn mat- og landbrukssektoren.

For der maten vert råka av klassisk tollvern og grensekontroll, vil anna industri slite meir med andre formar for handelsbarrierar.

Dersom britisk industri vil selje varene sine til EU i framtida, er dei nøydd til å følgje mange av dei reglane som britane har bunde seg til gjennom EU-samarbeidet. EU stiller stadig strengare krav til merking av varer, til hygiene og karantene, til ingrediensar, klima- og miljøavtrykk med meir.

I sum kan slike barrierar ha minst like negativ effekt på handelen som eksplisitte tollsatsar.

Dersom britane skal følgje alle desse krava, kunne dei like godt halde fram som EU-medlem.

Det er kanskje ikkje så rart at britane no, ifølgje fleire målingar, vil bli i EU. Det var ingen som stemte for å bli fattigare.

Publisert: