Jokeren parkerte sin eigen påverknad

Trym Aafløy vil vere folkets ombodsmann. Då burde han behalde partiet i ryggen.

Per Jørgensen (frå v.), Trym Aafløy og Rolf Scott møter pressa for å forklare utmeldinga si frå Folkeaksjonen nei til meir bompengar (FNB).
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Trym Aafløy snudde bergenspolitikken på hovudet i 2019. Han var jokeren som dukka opp frå ingenting.

No melder han seg ut av Folkeaksjonen nei til meir bompengar (FNB) for å bruke meir tid på veljarane og mindre tid på partibyråkratiet. Han gjer dette vel vitande om at årsløna på over 900.000 kroner kan ryke.

Dei pengane er nemleg knytt til ei stilling partiet har krav på. Han forlét òg eit parti som han – i det minste i Bergen – har mesteparten av æra for å ha bygd opp.

Det krev rak rygg å melde seg ut når så mykje står på spel. Då er det så rart at forklaringa hans på utmeldinga gir så lite meining.

Les også

Derfor melder Trym Aafløy seg ut av bompengepartiet

Me må starte med det rare. Pressekonferansen var på parkeringsplassen til Joker Ervik i Åsane. Tankane gjekk umiddelbart til Donald Trumps advokat Rudy Giuliani, som i november heldt ein pressekonferanse hjå ein anleggsgartnar i Pennsylvania.

Men der Giulianis gjeng kan ha misforstått og trudd at dei skulle vere på eit luksushotell med liknande namn, var Joker Ervik ein del av Aafløys plan.

Rudy Giuliani møtte den amerikanske pressa på hagesenteret Four Seasons Total Landscaping i november. Trym Aafløys val av Joker Ervik fekk tankane dit, men bompengegeneralen hadde i det minste ein tanke bak valet.

Han ville nemleg setje søkjelyset på bybanetraséen til Åsane, som har skapt mykje motstand i nettopp Ervik. Der skal politikarane ta stilling til to ulike traséar. Dagalternativet – som Aafløy er mot – vil passere den nemnde parkeringsplassen.

Aafløy starta med eit lengre argument mot dette. Han påstod at byrådet var autoritært, og at han ville lytte meir til folket.

Det ironiske oppi det heile, var at støyen frå bilvegen gjorde det vanskeleg å høyre alt som vart sagt. Hadde bybana gått der, ville akkurat den delen gått betre.

Det er heller ingen konflikt innanfor FNB om dette trasévalet. Her står Aafløy saman med partiet han forlét.

Ifølgje Aafløy har det ikkje vore særleg med konflikter i FNB. Han vil ikkje bruke ordet «problem» om interne forhold. I så tilfelle var det ikkje éi sak som fekk Aafløy til å seie «nok er nok» til FNB.

Men då nokre av hans tidlegare partikollegaer møtte opp for å høyre forklaringa hans, sette han seg inn igjen i bilen. Han truga med å avlyse heile seansen, og påstod at dei som dukka opp ville kuppe pressekonferansen og at dei øydela stemninga.

Så heilt problemfritt var det neppe i FNB. Men Aafløy belita seg, og gjennomførte pressekonferansen han sjølv hadde invitert til.

Dei frammøtte FNB-medlemmene stod lamslått tilbake. Ikkje berre hadde Aafløy overraska dei med utmeldinga si dagen før – no reagerte han så sterkt på deira nærvær. På ein offentleg parkeringsplass.

Aafløy meiner at partiet har blitt for stort. Men det er jo resultatet av at han og partiet gjorde det så godt i valet. Då får ein mange innvalde representantar. Forvaltar ein det på ein god måte, kan det påverke vedtak i bystyret.

Aafløy sa at partibyråkratiet hadde tatt så mykje tid, at det gjekk utover kontakten med veljarane. Den frustrasjonen er sjølvsagt forståeleg – men FNB-medlemmene som står att på parkeringsplassen berre rista på hovudet.

Dei forstod ikkje problemet. Ja, Trym Aafløy er gruppeleiar i bystyret, medlem av fylkestinget og styreleiar i lokallaget. Det er mykje jobb, men han skal ha fått tilbod om hjelp.

Viss han verkeleg ikkje var interessert i å drive partiarbeid, kunne han jo overlate denne delen til andre. For Aafløy er unikt god til å treffe veljarar.

Men det spørst kor effektiv han blir utan eit parti i ryggen. No får han ein mindre plattform, og sjansen for gjennomslag i fanesaka bompengar har blitt lågare.

Det er eit tap for alle som stemte på FNB på grunn av Aafløys harde arbeid i valkampen.

Aafløy kan kanskje tru at partiet og alt det krev har heldt han nede. Og ja, det er krevjande for ei gruppe å ta stilling til mange ulike saker innanfor mange saksfelt til kvart einaste bystyremøte.

Det er nok spesielt krevjande i eit parti som er så einig om éi sak – men som elles har ganske lite til felles politisk. Og når dei aller, aller fleste sakene i bystyret ikkje handlar om bompengar, blir det vanskeleg.

Men Aafløy må ha visst alt dette då han stilte til val.

Det er nok lett å seie at han no skal jobbe endå hardare for dei veljarane som føler dei vert overkøyrd av byrådet. Men det kan godt hende at Aafløy fort vil forstå kvifor det er godt å ha eit parti i ryggen.

Politikk er lagarbeid. Dei som alltid skal gå åleine, får sjeldan mange med seg.

Publisert: