Dette var Sanners største tabbe

Folkerøystingane om samanslåingar burde aldri blitt haldne.

NEI TIL FOLKERØYSTINGAR: Det kan høyrast ut som arroganse og veljarforakt. Men det er også eit prinsippspørsmål om korleis landet skal styrast. Folkerøystingar er eit hinder for endring.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

Nokon kjem til å slå seg saman. Ikkje så mange som Høgre— og Frp-regjeringa og stortingsfleirtalet skulle ønskje, ikkje så mange som det burde vore, men kommunereforma blir ikkje ein total flopp. Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) la opp eit smart løp for reforma, men nokre små tabbar gav store utslag.

Ein av dei tabbane var å la innbyggjarane røyste.

No, etter 154 røystingar, har 46 sagt ja og 108 nei.

Først litt skryt til Sanner. Kommunereforma har fått mykje ufortent kritikk for å vere toppstyrt. Eigentleg har regjeringa berre gitt landets kommunar ordre om å greie ut eventuelle samanslåingar. Alle skulle prate med naboane, og konkludere innan 1. juli.

Det finst ikkje noko statleg pålegg om at ein må slå seg saman.

Slik la statsråden makta og ansvaret hjå lokalpolitikarane.

Det var eit modig val, særleg med tanke på at det var kommuneval i haust. Sanner veit godt at det er enklare å mobilisere veljarar ved å seie nei til endring. Difor var det ikkje lett for partia å gå til val på eit ja til samanslåing med naboane.

Men reforma dominerte ikkje valkampen så mykje som venta. Ei av forklaringane er at mange kommunar ikkje var kome langt i arbeidet. Difor var det ikkje konkrete alternativ å ta omsyn til, verken for kandidatane eller veljarane.

Så skaut det fart like før jul og rett over nyttår. Sanner fremja endringar i kommunane sitt inntektssystem. Den største endringa: Kommunar som er «frivillige små» skal få mindre pengar – eit klart insentiv til samanslåing.

Plutseleg signerte lokalpolitikarane intensjonsavtaler over ein lav sko, og dei inviterte til folkerøystingar.

Det gjekk ikkje lang tid frå ordførarane inngjekk avtalane til folket fekk seie sitt. Difor har det vore vanskeleg å overtyde folk som i utgangspunktet var negative.

Leiar:

Les også

Valgets kvalar

At endringane i inntektssystemet kom så seint, kan ha vore Sanners tabbe.

Hadde dei økonomiske insentiva kome på plass tidlegare, ville truleg intensjonsavtalane kome tidlegare. Då kunne ein hatt eit godt argument for å droppe folkerøystingane: Innbyggjarane fekk seie sitt då dei valde kommunestyret.

Ein grunn til ikkje å gjere det, er at resultatet kunne blitt eit større valnederlag for regjeringspartia.

Slik er det jo i alle andre saker. Noreg er eit representativt demokrati, òg på kommunenivå. Det er dei folkevalde som fattar avgjerdene.

STATSRÅDEN: Når Jan Tore Sanner er ferdig med moderniseringa og skal skrive sine memoarar, vil han nok angre på at han ikkje gjorde meir for å unngå dei mange folkerøystingane, skriv Mathias Fischer.

I staden har lokalpolitikarane dytta ansvaret frå seg. Det er den feige løysinga. Fleire stader er ordførarar no stressa fordi dei sjølve er for samanslåing, men veljarane var ueinige.

Nokre stader er ordførarane ekstra frustrerte. Det er i dei kommunane som sjølve sa ja, men den potensielle brura sa nei. Til dømes Eid i Sogn og Fjordane, som med dagens storleik vil tape mellom to og tre millionar i året. Måndag sa innbyggjarane i Eid ja til å slå seg saman med Gloppen, medan Gloppen sa nei med 50,8 prosent.

Altså vil kommunen få eit inntektstap fordi den er liten, samstundes som det ikkje er deira feil at det ikkje blir samanslåing.

I desse tilfella kan, og bør, statleg tvang vere aktuelt.

Bakgrunnen for folkerøystingane var politisk press. Regjeringa ville helst ikkje ha dei. Først ville Sanner at politikarane skulle ta avgjerda sjølve. Deretter sa Sanner at staten vil betale for innbyggjarundersøkingar, altså meiningsmålingar av eit representativt utval innbyggjarar.

Men til slutt blei det ein rekkje folkerøystingar, også dei betalte av staten. Fleire stader var røystingane føresetnad for intensjonsavtalane.

Regjeringa kunne ha sagt at kommunane sjølve måtte betale for folkerøystingane. Det ville ikkje vore heilt urimeleg. Lokalpolitikarar som allereie var overtydde om anten ja eller nei, burde sagt at dei ikkje trengde «råd».

Resultatet var venta. Folkerøystingar har ein tendens til å ende med status quo. Folket vel det kjende framfor det ukjende. Difor sa Noreg nei til EU to gonger, difor sa skottane nei til sjølvstende og difor kjem britane truleg til å bli verande i EU.

Difor er eigentleg innbyggjarundersøkingane betre når ein skal ha råd frå folket. Dei blir ikkje overrepresenterte av dei som har sterke nok meiningar til å gå til vallokalet.

Hans Mjelva:

Les også

«Folket seier nei. Dei får ikkje nok pisk, enno.»

Også frå Mathias Fischer:

Les også

«Stor uvisse for små kommunar»

Sidan folkerøystingane er rådgjevande, bør politikarane óg fatte sjølvstendige val – i alle fall dei stadane der fleirtalet var knapt og/eller det var låg valdeltaking.

Det kan høyrast ut som arroganse og veljarforakt. Men det er også eit prinsippspørsmål om korleis landet skal styrast. Folkerøystingar er eit hinder for endring.

Nokre stader bør Stortinget nytte tvang. Det gjeld i dei tilfella der einskilde kommunar har sagt nei medan fleire av naboane sa ja.

Men uansett vil det vere ikkje vere godt nok.

Når Jan Tore Sanner er ferdig med moderniseringa og skal skrive sine memoar, vil han nok angre på at han ikkje gjorde meir for å unngå dei mange folkerøystingane. Den desentraliserte sentraliseringsreforma tapte seg på oppløpssida.

Det er ikkje lett å gjere endringar når folket får siste ordet. Politikk er å ville, sa Olof Palme. Men politikarar som vil noko, må ta ansvar og gjere det sjølve.

Publisert: