Når regjeringa går til kamp mot Vestlandet, må vi samle oss

Alternativet til å henge saman, er å bli hengde kvar for oss.

Alfred Bjørlo meiner det er mykje frustrasjon over ei regjering som ikkje «ser» Vestlandet.
  • Stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane for Venstre
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Skattesjokk for næringslivet på Vestlandet. Bråstopp for dei store veg- og byggprosjekta. Ein stat som flyttar vekk frå Vestlandet. Regjeringsapparat og viktige statlege utval tømt for vestlendingar.

BT har i det siste avdekka korleis Ap-/Sp-regjeringa i det stille har gjort Bergen og Stavanger til «angrepspunkt» for nedbygging av statlege kompetansemiljø, på line med departements- og direktorat-overlessa Oslo. Frå før veit vi at Ålesund allereie er fråteken viktige statlege kompetansemiljø, og samtidig blir splitta opp av «smått er godt»-minister Gjelsvik.

Les også

Budjettforlik: SV sikret millionpott

Dette er ikkje enkeltståande tilfelle. For å saldere årets statsbudsjett, sendte regjeringa brorparten av rekninga til det verdiskapande næringslivet på kysten generelt og Vestlandet spesielt. Det skjedde utan dialog med viktige vestlandsnæringar som havbruk og fornybar energi, og utan forsøk på å bygge langsiktig tillit om vegen vidare. Tvert imot: Den nye havbruksskatten vart innført før høyringa er gjennomført og før Stortinget ein gong har fått ei sak om kva som skal skje. Det er ein måte å handsame dei klart viktigaste næringa i mange lokalsamfunn langs vestlandskysten på som saknar sidestykke.

Samtidig vart samferdsle- og byggprosjekta på Vestlandet taparane når statsbudsjettet vart lagt fram, medan det i hovudstadsregionen er full gass vidare for milliardprosjekt som ikkje ein gong er ønskte lokalt, som det nye gigantsjukehuset i Oslo til 40 milliardar.

Som fersk stortingspolitikar reiser eg mykje rundt i landet og snakkar med folk i mange ulike miljø. For tida er det den same intense frustrasjonen over ei regjering som ikkje «ser» Vestlandet uansett kvar ein reiser. Døma er ulike, men frustrasjonen og den overordna forteljinga er den same.

Frustrasjonen over å vite at du er ein del av løysinga på den enorme omstillinga Noreg skal gjennom i åra framover – men av regjeringa blir handsama som «rusk i samfunnsmaskineriet». Ja, til alt overmål nokon som kan kome til å tene pengar – kanskje til og med vere så frekke å halde verdiane i omløp lokalt framfor å gi dei til ei overfylt statskasse styrt av Vedum sine utvalde ekspertar.

Regjeringa, her ved statsministar Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum, har ikkje vore bra for Vestlandet, meiner innsendaren.

På Vestlandskonferansen i Bergen nyleg vart ideen om «Team Vestlandet» lansert. At Vestlandet no nyttar den spesielle tida Noreg og verda er inne i til å skifte gir frå å ta kampane éin for éin, by for by, fylke for fylke – til å ta dei saman. Til å bli samde om til dømes ti punkt vi står saman om på Vestlandet.

Om å bli ein landsdel som tar leiartrøya i nytt, grønt næringsliv. Som klarer å femdoble verdiskapinga i havbruket og dei marine næringane elles. Som klarer å revolusjonere heile verdas sjøtransport og gjere han grøn. Som set makt bak kravet om at staten flyttar ut. Som gjer Vestlandet konkurransedyktig i kampen om kvar ungdom skal etablere seg, finne jobb og partnar. Og som forlanger at våre perspektiv blir sett og høyrt FØR avgjerdene til Støre-regjeringa blir tatt – ikkje etterpå.

Så kan vi heller ta ut mikro-aggresjonen mot kvarandre på fotballstadion og puben etterpå – i fargane til Viking, Brann, Ålesund og kanskje til og med Molde. Men stå saman i dei store kampane. På Team Vestlandet.

Publisert: