Militærøvingar til himmels

Endå ei kjempestor militærøving i Nord-Europa. Kva vert den neste i storleik?

90.000 soldatar deltek i militærøvinga «Steadfast Defender 2024».  Biletet er frå øvinga med same namn i 2021.
  • Kunstnar, bloggar og politisk aktivist
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

90.000 soldatar skal delta i Nato-øvinga «Steadfast Defender 2024», som vil verte alliansen si største øving sidan den kalde krigen tok slutt, melder m.a. Reuters, DPA og Euronews. I 2018 deltok til samanlikning om lag 50.000 soldatar i Nato-øvinga «Trident Juncture» i Nord-Noreg.

Øvinga går føre seg i Tyskland, Polen og dei tre baltiske landa Estland, Latvia og Litauen, og byrjar i siste veka av januar. Den varer heilt til mai! Soldatane skal «leike krig» lenge denne gongen.

Scenarioet er at Russland gjennomfører eit åtak mot eit Nato-land og utløyser artikkel 5 i Nato-traktaten (som seier at åtak på eit av medlemslanda er åtak på alle), ifølgje det tyske nyhendebyrået DPA.

Ivar Tveito Jørdre meiner verda utviklar seg i feil retning.

Denne spennings- og opprustingsspiralen er eg livredd for. Det er ikkje dette eg vil leva med i livet. Men å få dette inn i hovuda på våre leiarar, våre politikarar, at avspenning og nedrusting må kome, er mykje verre enn nokon gong. Vesten sine nyttige idiotar, våre nyttige idiotar!

Dei er i hendene på verdas våpengigantar, som har kjempegode profittider no. I 2022 var verdas militære utgifter på 24.000 milliardar norske kronar, ifølgje NRK.

Forstår nokon dette talet? Om ikkje verda klarer å stanse denne vanvettuge utviklinga, går me mot katastrofen då? Vil ikkje verda presse «drapsbeistet» til endes?

Det er nesten så eg ynskjer meg fredelege utanomjordiske som kan hjelpe oss ut av galskapen!

Innsendaren er leiar av Raudt Laksevåg og Loddefjord, men dette innlegget er ikkje knytt til vervet hans i partiet.

Publisert: