Peter (7) flykta aleine til Bergen. Men heller ikkje her var han trygg.

Publisert: Publisert:

Ein sommardag i 2012 får Holocaustsenteret i Oslo besøk av Aagot Stoltz Meyer frå Bergen. Ho har med seg ei gåve; ei slunken mappe med dokument frå krigens dagar.

Det er eit knøttlite personarkiv med eit knippe brev, nokre fotografi, eit par avisutklypp og ei dødsannonse. Samt ei gulna kladdebok frå Krohnengen skole i Bergen.

Kladdeboka til Karl Peter Federer (7).

Den nyutdanna historikaren Jan Alexander Svoboda Brustad tek imot henne. Han er midlertidig tilsett ved dokumentasjonsavdelinga og føler seg nervøs og klønete.

Dette er første gong han skal ta imot eit arkiv.

Dei opnar den flekkete, velbrukte kladdeboka.

Teikningar og krusedullar, ustø bokstavar og enkle tal kjem til syne.

«Tegnekladdebok II for Karl Peter Federer, elev av Krohnengen skole» står det på omslaget. Heftet er truleg frå 1939 eller tidleg 1940.

Førsteklassingen har teikna bilar, hus, båtar, tre og menneske. Ved første augnekast kunne boka tilhøyrt kva sjuåring som helst, men nokre teikningar fortel ei anna historie.

Frå Karl Peter Federers teiknekladdebok.

På side fire har Karl Peter, eller Peter som han blir kalla til dagleg, teikna to store køyretøy med kvart sitt flagg. Det eine tilhøyrer den første tsjekkoslovakiske republikken, det andre er raudt med ein svart hakekross.

Eit mannsansikt dukkar opp på fleire sider. Det eine auga er skjult under ein mørk lugg med markant sideskil, og midt i fjeset har mannen ein karakteristisk, svart bart. Under teikninga står eit namn.

«Hitler.»

Karl Peter Federers teikning av mannen som sende familien på flukt.

Den vesle teiknaren er 1300 kilometer heimefrå. Peter kjem frå Praha i det gamle Tsjekkoslovakia og er jødisk.

Foreldra har sendt han til eit vilt framandt land, til vilt framande menneske - i rein desperasjon. Han hamnar i Breistølen i Bergen hos foreldra til Aagot Stoltz Meyer.

– Peters historie er ein del av vår familiehistorie, seier Aagot Stoltz Meyer.

Guten er gjennomgangsperson i den nye boka «I limbo. Norge og de jødiske flyktningene 1933–1945».

Forfattar er Jan Alexander Svoboda Brustad, historikaren som tok imot arkivet etter Karl Peter Federer og faren Victor i 2012. For han var dette ei ny forteljing.

– Historia til Karl Peter er ein liten del av den store historia om korleis det norske samfunnet forheldt seg til jødiske flyktningar frå Nazi-Tyskland. Boka belyser den avvisande grunnhaldninga til styresmaktene, men og motkreftene i samfunnet, seier Brustad.

Far til Peter er ingeniør, mor pianolærar. Victor og Käthe er sekulære jødar, tospråklege og velintegrerte i det tsjekkoslovakiske samfunnet.

Utover 1930-talet blir det stadig farlegare å vera jøde. Nazisten og diktatoren Adolf Hitler er på full frammarsj i Europa. Han samanliknar jødar med eit virus som må utryddast.

I september 1938 blir heimbyen til familien, Teplice i Sudetland, innlemma i Hitlers stortyske rike etter Munchen-forliket.

Forliket utløyser ei bølgje av tsjekkisk antisemittisme. Jødar blir oppsagde frå stillingar i statsapparatet og mistar lisensen til å praktisera som legar og advokatar.

Käthe og Victor blir klassifiserte som «fullblods jødar». Ifølgje naziregimets ideologi utgjer derfor ekteparet Federer ein livsfarleg trussel mot Tyskland og den ariske rasen.

Dei flyktar til Praha, men Europa er blitt for farleg for slike som dei. Derfor søkjer dei om reisepass til Sør-Amerika.

Nazistane er hakk i hæl.

I riksdagstalen 30. januar 1939 sa Adolf Hitler at konsekvensen av ein verdskrig ville bli «utryddinga av den jødiske rasen i Europa».

I mars 1939 tek det verkeleg til å brenna under føtene til familien. Tyske troppar rykker inn i Praha, og frå slottet over gamlebyen proklamerer Hitler at den tsjekkoslovakiske staten er død.

Mor og son søkjer om reisepass til alle europeiske land. Samtidig overbyr potensielle eksilstatar kvarandre i tiltak for å stenga jødar ute.

Når sommaren kjem, må Käthe og Victor ha gitt opp håpet om felles tilflukt for alle tre. No handlar alt om å få Peter ut av Tsjekkoslovakia.

Foreldra legg eksepsjonell tillit i hendene på ein norsk organisasjon dei inntil nyleg neppe kan ha ant eksisterte, skriv Brustad i boka: Dei sender sitt einaste barn til ukjende i eit framandt land.

– Det er eit slåande uttrykk for desperasjonen til dei sentral-europeiske jødane på dette tidspunktet. Når foreldre sender sine eigne ungar ut av landet, til folk dei i utgangspunktet ikkje anar kven er, er dei blitt tvungne til å kryssa ei mental grense som var utenkeleg berre kort tid før, seier Brustad.

Ein oktoberdag i 1939 går Peter om bord på eit tog i Praha. Han og nær 40 andre jødiske barn skal til Oslo. Barneflyktningane reiser utan foreldre, den yngste er knapt fem år.

Men dei er ikkje velkomne dit dei skal. På heile 1930-talet behandlar norske styresmakter jødiske flyktningar som ikkje flyktningar nok. Dei prioriterer aktive politiske motstandarar av naziregimet, ifølgje Brustad, og unnlet å ta inn over seg den prekære situasjonen til jødane.

Styresmaktene fryktar dessutan jødisk invasjon. Av ein halv million jødar som forlet det stortyske riket dette tiåret, slepper berre nokre få hundre inn i Noreg.

– Den overordna norske politikken var å avvisa jødiske flyktningar, seier Brustad.

Ungane på toget tilhøyrer derfor ei eksklusiv gruppe. Etter lang tautrekking er dei blitt del av ein kvote som er forhandla fram av den norske humanitære organisasjonen Nansenhjelpen.

Men styresmaktene er redde for å «brenna inne med» barna. Dei får koma inn i landet på vilkår av at Nansenhjelpen tek det økonomiske ansvaret, og forpliktar seg til å returnera barna innan tre år, eventuelt senda dei til foreldra i nye eksilland.

– Barna som kom i 1939, representerer den einaste reine kvoten av jødiske flyktningar. Ingenting tyder på at dei hadde fått koma inn i landet om det ikkje var for Nansenhjelpen og andre aktive motstemmer, seier Brustad.

Barneflyktningane reiser gjennom Hitlers Tyskland til Sassnitz, lengst nordaust i det stortyske riket. Der ser dei fleste havet for første gong - og mange blir sjøsjuke for første gong. Bølgjene er høge på reisa til Skåne.

Etter to døgn rullar toget inn på Østbanehallen i Oslo. Men for Peter og åtte andre er reisa ikkje over. Dei skal vidare til Bergen.

«De første tjekkiske flyktninger til Bergen i går» er BT-oppslaget 27. oktober 1939.

Bergens Tidende har møtt opp på perrongen. Peter myser smilande mot fotografen, tilsynelatande glad og letta over å vera framme.

Den lokale Nansenhjelpen er og på plass. Underkomiteen har samla inn pengar og trykt opprop i pressa for å finna eigna pleieforeldre.

Peter skal bu hos det unge ekteparet Magda Stoltz og Anton Christian Meyer i Breistølen.

Peter kallar Magda Stoltz og Anton Christian Meyer i Breistølen for mor og far. Eit halvt år seinare får han ein norsk bonusbror, Viktor.

Peter er ein kvikk fyr, som lærer seg norsk raskt og får leikekameratar i nabolaget. På Krohnengen folkeskole lærer han å lesa og skriva på det nye språket.

Etter eit drygt halvår, føder Magda sitt første barn. Peter poserer stolt med sin norske veslebror på armen.

Krohnengen skole frå 1880 er den første store folkeskulen i Bergen. I tiåret før Peter kjem, har skulen fått både gymsal, dusjar, sløydrom, WC og skulekjøkken. Fram til 1950 har gutar og jenter separate inngangar, trapperom og uteplassar.

Ein kveld Peter ikkje får sova, gret han i puta og lengtar heim. Magda prøver å trøysta. Han spør om ho kan spela «Moldau» av Smetana på pianoet. Den pleier mamma å spela for han heime.

Første klasse på Krohengen folkeskole. Peter i fanakofte er nummer to frå venstre.

Snart blir det like farleg her som der. 9. april 1940 invaderer Nazi-Tyskland Noreg.

Peter er i byen den dagen. Han ser tyske krigsskip og soldatar, stormar heim og seier at han aldri meir vil snakka tysk, skriv Hilde Vesaas i «Nansenhjelpens modige kvinner».

Nærmast over natta forsvinn den viktigaste premissen for barnas eksil: Eit fritt Noreg.

Det tyske sikkerheitspolitiet kartlegg alle jødar i landet, samt norske organisasjonar som har hjulpe jødiske flyktningar i åra før krigen.

Nansenhjelpen brenn arkivet sitt, men mange av flyktningeungane har vore i avisa. Dei kan oppsporast. For pleiefamilliane medfører det dessutan stor risiko å gi ly til eit jødisk barn.

Nansenhjelpa kontaktar dei tsjekkiske foreldra, som står overfor eit brutalt val: Å la ungane bli i eit okkupert Noreg og kanskje aldri få sjå dei igjen. Eller få dei heim, sjølv om situasjonen for jødar i fødelandet blir verre for kvar dag.

– Det var eit dilemma. For Nansenhjelpen, foreldra og dei norske pleieforeldra, seier Brustad.

Dei tsjekkiske foreldra deler seg. Nokre tryglar Nansenhjelpen om å la ungane få bli, andre vil ha barna sine heim. Ifølgje Aagot Stoltz Meyer er foreldra til Peter i den siste gruppa.

Valet skal få fatale følgjer.

Guten med dei mørke krøllene er tilbake i Praha våren 1941. Han er blitt ni år og snakkar tsjekkisk med norsk aksent.

Breva går hyppig mellom Bergen og Praha. Pleieforeldra i Breistølen får foto av ein tilsynelatande glad gut, som susar rundt på sparkesykkel i shorts.

Peter på balkongen i Praha med éi morell i munnen og to hengande i stilken over høgre øyre.

«Kjære mor og far, tusen takk for brevet jeg fik av dere,» skriv Peter på norsk.

Han er mest oppteken av korleis det går med den norske veslebroren og skriv:

«Når krigen er slut kommer jeg på besøk.»

Han avsluttar med eit håp om snarleg gjensyn og «mange kyss og hilsen».

Peter  drøymde om å dra tilbake til Noreg etter krigen. «Det beste ville være hvis far og mor kunne bo i Norge og at jeg alltid kunne bli der,» skreiv han til sin bergenske familie.

Peter får eit år med foreldra i Praha før familien blir deportert til konsentrasjonsleiren Theresienstadt sommaren 1942, og sidan til Auschwitz hausten 1944. Der blir Peter og mor sende rett til gasskammeret.

Far overlever. Victor Federer klarar å rømma frå dødsleiren på nyåret 1945 og halda seg i live til frigjeringa.

Våren 1946 skriv han brev til Breistølen frå det frigjorte Tsjekkoslovakia. Først no får dei veta at Peter og Käthe er borte.

Sorga er stor. Famiien i Bergen set inn dødsannonse.

«Vår inderlig kjære Peter og hans mor Käthe Federer døde 1944 i gasskamrene i Aushwitz. Magda og Anton Chr. Meyer.»

Dødsannonsa står på trykk i to bergensaviser 2. april 1946.

Victor er sint og desillusjonert. Kona og sonen har delt skjebne «med millioner av andre som tyskerne, disse hunerne, vilkårlig myrdet og utslettet», skriv han.

Han utvandrar frå Europa, som mange andre jødar, og startar frå botn igjen i Paraguay. Etter kvart stiftar han ny familie.

– Victor gifta seg med ei kvinne som og hadde overlevd Auschwitz. Ho hadde mista mann og barn og opplevd det same som han, fortel Aagot Stoltz Meyer.

Pappaen til Peter sender brev og gåver frå Sør-Amerika. Då Aagot blir fødd i 1950, kjem eit babyteppe i posten.

I Paraguay gifta Victor Federer seg på nytt med ei kvinne som også hadde mista eit barn og ein ektefelle. Dei kalla sonen Thomas Peter opp etter sine døde søner.

Nesten alle barneflyktningane som vart igjen i Noreg, overlevde krigen med bistand frå Nansenhjelpen og andre aktive. Nær alle 18 som returnerte til Tsjekkoslovakia, vart drepne i folkemordet.

– Barna var kasteballar i ei historie der nokon ønskte å stenga dei ute, andre forsøkte å hjelpa dei, og nokre til slutt hadde som mål å utrydda dei, seier Brustad.

At Nansenhjelpen tok initiativ til å senda nokre barn tilbake, utan at foreldra hadde bede om det, kan verka nesten uforståeleg i dag. Det er fordi vi veit korleis det enda, seier Brustad:

– Vi har fasiten. Det hadde ikkje dei. Dei måtte vurdera kor framtida ville bli verst - i Noreg eller Tsjekkoslovakia. Sjølv medarbeidarane i Nansenhjelpen hadde avgrensa evner til å førestilla seg den antijødiske politikken i ytste konsekvens. Og under krigen måtte dei forhalda seg til dei strenge vilkåra frå styresmaktene for at barna skulle få opphald i 1939.

Ein stolt Peter med sin norske veslebror i armane.

Også dei fire Meyer-barna som vart fødde etter at Peter hadde reist, som Aagot, fekk eit forhold til han. I alle år hang det eit fotografi over pianoet i heimen av Peter med nyfødde Viktor i armane.

– Han er ein del av vår familliehistorie. Vi mista ein bror, seier Aagot Stoltz Meyer.

Tapet av Peter var eit traume for familien. Magda kom aldri heilt over at dei ikkje hadde klart å redda han.

Familien Stoltz Meyer ville forsikra seg om at det dei hadde igjen etter Peter, vart teke vare på.  I 2012 overleverte Aagot Stoltz Meyer arkivet til HL-senteret på vegner av Peters norske søsken.

Frå Paraguay skreiv faren at Peters store draum i Theresienstadt hadde vore å koma tilbake til Bergen.

– Tanken på å dra til Bergen etter krigen med «mutti og vati», heldt han oppe. Det var Peters håp og plan at familien skulle bu her. Kanskje hjelpte det både han og foreldra til å halda motet oppe, seier Peters norske søster.

Karl Peter Federer døydde i gasskammeret i Auschwitz, elleve år gammal.

KJELDER: «I limbo. Jødiske flyktninger i Norge 1933–1945», Jan Alexander Svoboda Brustad, Cappelen Damm, 2023. «Nansenhjelpens modige kvinner», Hilde Vesaas, Kagge forlag 2023. Aagot Stoltz Meyer og TV 2.

Publisert: