Anne-Grethe Lavik hjelper dei som slit økonomisk.
Ho blir kontakta av folk i krise nesten dagleg.
«Jeg har fått inkassosaker på meg, og flere er på vei. Jeg sover ikke lenger.»
«Jeg kjenner en håpløshet som jeg har vanskeligheter med å takle. Jeg får mørkere tanker for hver dag som går.»

Ei kvinne med kvit hestehale sit med falda hender i ein kontorstol, og kikar ned på telefonen.

– Unge menn kastar seg frå Askøybrua med 70.000 i gjeld. Det er eit samfunnsproblem, seier Anne-Grethe Lavik.

Dagleg får ho meldingar frå fortvila menneske, som ikkje veit korleis dei skal kome seg ut av ein vanskeleg situasjon.

Det kan vere ein gut i tjueåra med éin million i spelegjeld, ei gammal, pensjonert dame som ikkje har råd å gå til tannlegen, eller ein ufør småbarnsfar som har mista kontrollen på økonomien.

– På jobb brukar eg 30 prosent av økonomen i meg, og 70 prosent medmennesket.

Les hele saken med abonnement