Andreklassingen sit konsentrert framfor ein Chromebook med høyretelefonar på.

«Du skal vere snill med ein venn», skriv Albert (7).


       NYE TIDER: Skulebyråd Roger Valhammer måtte lære seg å skrive på gamlemåten. Her viser Mathias (7) korleis han og klassen får digital hjelp til å lære å stave.
NYE TIDER: Skulebyråd Roger Valhammer måtte lære seg å skrive på gamlemåten. Her viser Mathias (7) korleis han og klassen får digital hjelp til å lære å stave.
Eirik Brekke

For kvar bokstav han tastar inn, får han bokstavlyden på øyret. Når Albert trykkjer mellomrom, blir ordet lese opp.

Og når sjuåringen set punktum, får han heile setninga rett i øyret.


       FYLLINGSDALEN: Seljedalen skole ligg i Fyllingsdalen.
FYLLINGSDALEN: Seljedalen skole ligg i Fyllingsdalen.
Skjermdump / Google Maps

Lært å lese med datahjelp

Slik har Albert lært å lese og skrive.

– Eg kunne litt då eg byrja i første klasse, men ikkje så mykje, seier han.

– No kan du både lese og skrive?

– Jepp!


       «CHROMEBOOK»: Det er ulike data-merker som lager Chromebooks, slik som Acer og Samsung.
«CHROMEBOOK»: Det er ulike data-merker som lager Chromebooks, slik som Acer og Samsung.
Amin, Wikipedia

Beste resultat nokosinne

Albert og resten av klassen er pionerar på Seljedalen skole. Som førsteklassingar var dei først ut med å ta i bruk leseopplæringsmetoden «STL+», eit digitalt hjelpemiddel for å skrive seg til lesing med lydstøtte.


       SKJERM PÅ SKJERM: Seljedalen skole har kjøpt inn 65 PC-ar av typen Chromebook. Dei er i bruk så å seie heile tida.
SKJERM PÅ SKJERM: Seljedalen skole har kjøpt inn 65 PC-ar av typen Chromebook. Dei er i bruk så å seie heile tida.
Eirik Brekke

Resultatet har vore over all forventning.

– På kartleggingsprøver hadde dei best leseresultat i første klasse nokosinne på vår skule, seier rektor Lene Hundvin.

– Når barn får bruke fleire sansar samtidig, går skrive- og leseprosessen mykje, mykje fortare. Dessutan blir konsentrasjonen ein heilt annan når elevar brukar høyretelefonar og ikkje så lett blir forstyrra.

Eigen PC

Gjennom storsatsinga Smart oppvekst skal skular og barnehagar i Bergen digitaliserast. Den langsiktige ambisjonen er at alle elevar skal disponere sin eigen PC heilt frå første klasse.