I Fyllingsdalen Idrettshall er åtte personar samla denne veka. Dei har alle lyst å læra meir om basketball og brukar difor delar av sommaren sin på dette.

– Her kan både dei med mykje erfaring og ingen erfaring komma, seier trenar Magnus Eglmork. Leiren går føre seg over fleire veker, og det er framleis mogleg å melda seg på.

Lærar mykje

Gjengen som førebels består av åtte gutar trener på alt i frå teknikkar som dribling og skot, til koordinasjon og plassering på bana.

– Me jobbar mykje med å forbetra skillza. Målet er å verta betre, forklarar trenaren. Dagen er delt inn i to. Fram til klokka eitt trener dei på koordinasjon, medan etter klokka eitt øver dei på å spela.

Godt samhald

– Gutar no må de ikkje juksa, seier Magnus Eglmork og ber gutane ta armhevingar som er ein del av programmet.

Etter at dei har trent ein del , tøyer dei ut. Trenar, Magnus Eglmork spør kvar og ein kva dei gjorde dagen føre. Gjengen fortel og ler godt med eit par vitsar på lur, før dei tek ein pause og trener igjen.

Sjå kva gutane på basketleiren har lært denne veka under kvart bilete!

Tre kjappe om leiren

1. Kva er det kjekkaste med basketleir?

2. Kvifor melde du deg på?

3. Kva har du lært denne veka?


       Fra venstre: Simon Skarve Teigenes (9) og William André Skarve Teigenes (12)
Fra venstre: Simon Skarve Teigenes (9) og William André Skarve Teigenes (12)
SEVERIN TØKJE

Simon Skarve Teigenes (9) og William André Skarve Teigenes (12)

1. Å trena, samstundes som du får spela basket. Me er ganske gode i det frå før og då vert det kjekt.

2. Fordi me har gått på basketball før, pluss at me måtte gå på noko i sommar, så ikkje dagane blei så keisame.

3. At me heile tida må øva, og at me ikkje alltid skal sjå på ballen, når me pakkar den.


       Frå venstre: Alvay Rosillo (10) og Filip Nøkleby (12)
Frå venstre: Alvay Rosillo (10) og Filip Nøkleby (12)
SEVERIN TØKJE

Alvay Rosillo (10) Filip Nøkleby (12)

1. Å trena og verta betre i basketball

2. Foreldrene mine spurte om eg ville vera med, fordi eg spelar på Fyllingen Basket frå før, seier Fillip. Alvay ville læra å spela.

3. Lært litt meir skotveksling og fått betre kontroll på ballen.


       Frå venstre: Martin Andreasen (14) og David Molvik Bergheim (11)
Frå venstre: Martin Andreasen (14) og David Molvik Bergheim (11)
SEVERIN TØKJE

Martin Andreasen (14) og David Molvik Bergheim (11)

1. Å spela

2. For å gjera på noko i sommarferien, samt trena og bli betre.

3. Mange teknikkar for kva som er lurt å kunna under kamp.


       Frå venstre: Robert Henry Nilsen (12) og Hans-Christian Hesselmann (11)
Frå venstre: Robert Henry Nilsen (12) og Hans-Christian Hesselmann (11)
MAGNUS EGLMORK

Robert Henry Nilsen (12) og Hans-Christian Hesselmann (11)

1. At me kan vera saman. Me likar godt knockoutsene. Det betyr å få ein og ein ut av spelet.

2. Fordi med likar godt basket, og ynskjer å bli betre. Me hadde ingenting anna å gjera.

3. Me har lært mykje om å treffa ballen i kurven, og korleis me skal bevega oss på bana.