Mange ungdommar og vaksne lyftar vektar og spring på tredemølle, men det får ikkje barn lov til på dei fleste treningssenter. Kvifor ikkje?


       EKSPERT: Christina Gjestvang er doktorgradsstipendiat ved Noregs idrettshøgskole. Ho jobbar blant anna med et prosjekt om treningssenter i Norge.
EKSPERT: Christina Gjestvang er doktorgradsstipendiat ved Noregs idrettshøgskole. Ho jobbar blant anna med et prosjekt om treningssenter i Norge.
Trine Hisdal

Ikkje så negativt som ein trudde

Christina Gjestvang jobbar ved Noregs idrettshøgskole, og kan mykje om trening på treningssenter.

Ho fortel at før trudde ein at styrkjetrening ikkje var bra for barn.

– Før trudde ein at styrkjetrening kunne hemme veksten til barn med tanken på at dei ikkje er ferdig utvekst når dei trener, men no blir det berre sett på som positivt at barn trener styrke, fortel ho.

Ein vert altså ikkje lågaere om ein trener med vekter. Men Gjestvang meiner likevel ikkje at treningssenter burde vere open for alle, utan reglar.

Viktig at vaksne følgjer opp

– Det er også viktig at det er god kvalitet på treninga og at det er ein vaksen som har kontroll på teknikken øvingar barnet gjer, legg Gjestvang til.

Scanpix

Barn og unge som ikkje kan nok om trening, kan gjere øvingar og bruke apparata feil. Det kan gi skader.

Gjestvang nemner endå eit viktig poeng:

– Det er mange som byrjar å trene på treningssenter på grunn av utsjånad. Dette gjer at det kan vere enklare å hamne i feil miljø på treningssentera, forklarer Gjestevang.

Ho meiner med et at barn og unge kan verte opphengt i å få den «perfekte kroppen», og bli sjuk av det.

– Enkelt å trena feil

John Jonasdal (28) jobbar på Stamina trening på Askøy.


       PERSONLEG TRENAR: John Jonasdal (28) byrja å trena då han var rundt atten år gammal, og jobbar på treningssenter i dag.
PERSONLEG TRENAR: John Jonasdal (28) byrja å trena då han var rundt atten år gammal, og jobbar på treningssenter i dag.
Tor Høvik

Han fortel at det er enkelt å byrja og trena feil når ein er yngre enn atten år, og ikkje har kunnskapen eller teknikken som skal til.

– Gjer ein noko feil er det enkelt å få feil belastning, som kan føre til skader, seier han.

Difor meiner Jonasdal at aldersgrensa burde vore atten år.

Han byrja sjølv å trena på treningssenter då han var rundt atten år gammal, og seier at han ikkje ville ha starta tidlegare.

– Trening er vel meir i vinden no, enn det var då eg var ung, seier Jonasdal.


       JOBBAR PÅ TRENINGSSENTER: Henning Holm (38), Produkt & HR-direktør i treningskjeda Evo.
JOBBAR PÅ TRENINGSSENTER: Henning Holm (38), Produkt & HR-direktør i treningskjeda Evo.
EVO

– Eit auka behov

Henning Holm jobbar i ei anna treningskjede, Evo. Han fortel til BT Junior at dei har 16-års aldersgrense på sine senter.

– Vi innførte den nettopp faktisk. Vi hadde 18-årsgrense i åtte år, men har no gått over til 16-års grense fordi det er eit auka behov for å trene på treningssenter blant dei unge, seier Holm.

Steven Colin Chilvers

Liker du å trene?