VOSS: Askøy FK T-Rex B har nettopp møtt Ørnardriblarane G09–1 i eit høgintensivt oppgjer på bane 18.

– Det har vore veldig gøy, seier Noah Edvardsen (8), som spelar både spiss og målvakt.

Det same gjorde faren, Dagfinn Edvardsen (33), då han spelte på Voss cup tilbake i 1993–94.


       FULL FART: Turneringas siste kamp for Askøy FK T-REX B blei både målrik og spennande. Her kjempar Sebastian Fowles med Tobias Tinkler frå Ørnardriblarane om ballen. På sidelinja står Kathryn Fowles, Dagfinn Edvardsen og Geir Bruun.
FULL FART: Turneringas siste kamp for Askøy FK T-REX B blei både målrik og spennande. Her kjempar Sebastian Fowles med Tobias Tinkler frå Ørnardriblarane om ballen. På sidelinja står Kathryn Fowles, Dagfinn Edvardsen og Geir Bruun.
RUNE SÆVIG

– Like engasjert

Voss cup blei etablert i 1991 og nærmar seg tretti år, og tidlegare deltakarar kjem no attende med eigne ungar. Dagfinn har gode minne frå fotballcupar, og denne helga hadde han sin fyrste som lagleiar.

– Ein blir like engasjert av begge delar, seier Dagfinn og ler.

Talet på påmelde lag var 93 i 1991. I år er talet 630 lag og nesten 7000 spelarar og lagleiarar. Med andre tilreisande kjem talet godt over 10.000.

– Turneringa var langt frå så stor då eg var her som spelar, men eg er glad me har sommarcupane, for dei gjer noko med kameratskapet og ein hugsar meir enn berre kampane, seier Dagfinn.

Ideen kom under gruskamp

I takt med lagauken har også arrangørapparatet blitt større. I 1992 var to hundre medlemmar og foreldre i sving under turneringa. I 2018 er det om lag tusen frivillige.

– Det har stige jamt, og for eit par år sidan sette me rekord med 725 lag, seier Helge Klette, ein av dei bak turneringa, og som framleis har ein finger med i spelet.

Ideen om turneringa blei til under ein gruskamp.

– Me var tre som såg ein gruskamp, der ein kasta inn ideen om å ha ei turnering. Ballen byrja å rulla, og i 1991 vart den fyrste turneringa arrangert, seier Klette.

Kompakt turnering

Dei vel 1500 kampane blir no fordelte på 33 grasbaner.

– Heilt frå starten fekk me opp ei turnering som var anerkjent. Alle kampane blei spelte på gras, og på den tida var det ikkje mange grasbaner. Det er nok ein av årsakene til at turneringa blomstra, seier Klette.

Den andre årsaka Klette trekkjer fram går på tryggleik.

– Det er gangavstand til alle banene. Dermed har det ikkje vore naudsynt å dra ungane ut i trafikken, seier Klette.

Sjekk gjerne ut disse sakene fra Voss cup: