Slik herjet stormen på Vestlandet

Eit jordras har tatt med seg delar av vegen ved Dalsøyra i Gulen. Nokre velta tre, vann i vegane og stengde fjellovergangar er elles fasit etter stormnatta.

VÊR: Slik såg stormsenteret i Norskehavet ut i natt.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

Ved 6.30-tida kom meldinga om eit jordras på fylkesveg 57 ved Dalsøyra i Gulen. Ein del av vegbana skal ha rast ut.

– Det er snakk om at rundt halve breidda på vegen har rast ut i om lag 50 meters lengde, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit.

Ingen er teken av raset, men vegen vil vere stengd inntil vidare.

Meteorologane varsla sterk storm langs kysten og orkan ved Stad i natt. Fasiten er tidleg torsdag at det vart målt sterk storm ved Stad i natt, skriv Meteorologisk institutt på Twitter.

Politiet melder om ei roleg natt trass uvêret.

– Vi har fått inn to-tre meldingar om nokre tre som har velta og litt vann i vegbanen her og der. Det regnar og bles godt, men utanom det har det vore ei roleg natt, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.

Siste nytt om uvêret får du her:

Hos Vegtrafikksentralen var tempoet i ferd med å ta seg opp tidleg torsdag morgon, da folk kom seg ut på vegane og oppdaga stormens herjingar. Dei ber folk vere oppmerksame på mykje vann i vegane fleire stader i bergensområdet.

STRI VIND: Meteorologanes vindkart viser at det skal blåse godt langs kysten i natt.

Vil blåse sterkast torsdag morgon

Fordi vinden kjem frå sør, vil Bergen truleg likevel ikkje bli veldig hardt ramma av uveret. Her vil det blåse sterkast mellom kl. 5 og kl. 7 torsdag morgon.

– Torsdag morgon til det framleis liggje på sterk kuling til liten storm ved Stad. Det minkar før torsdag kveld, så aukar det på igjen natt til fredag, seier statsmeteorolog Selberg.

Det vil vere lurt å hente inn lause gjenstandar. Å reinske takrennene kan også vere ein ide, ifølgje meteorologen. Vinden får nemleg følgje av til dels store nedbørsmengder.

– Særleg i ytre strøk i Nordhordland og dei ytre delane av Sogn og Fjordane vil det regne mykje. Dei kan kome 30–50 mm nedbør i løpet av seks timar i natt, seier statsmeteorologen.

Kanskje snø til helga

Temperaturane vil liggje på 8–10 grader. Mot helga vil det bli merkbart kjøligare – og kanskje også håp om snø og skiføre i høgda, dersom det blir meir nedbør.

– Det kan kanskje bli sludd og snø også så lågt ned som Bergen. I fjellet kan det bli skiforhold – men det er litt tidleg å seie sikkert, seier statsmeteorolog Selberg.

Publisert: