Mann tatt for valdtekt etter russefest

Ein mann i 20-åra er arrestert for valdtekt etter russearrangement i helga.

Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over åtte år gammel

Fana politistasjon fekk i helga ein melding om valdtekt i høve eit russearrangement.

- Saka er til etterforsking, og ein mann i 20-åra er arrestert, seier politioverbetjent ved Fana politistasjon, Grunde Næss.

Mannen er ikkje framstilt for fengsling.

Jenta som har meldt valdtekten skal ikkje ha vore russ, men har opphaldt seg med russen i Hordnesskogen etter russefesten. Det skriv Fanaposten måndag.

Samla russ frå heile landet

Fredag og laurdag samla 5000 russ seg til Landstreffet Bergen i Åsane travpark, ifølgje arrangøren.

— Arrangementet har gått føre seg mellom åtte og to på natta, seier Thomas Waardal Nilsen, økonomiansvarleg i Landstreffet Bergen. Han kjenner ikkje til valdtektssaka då BT tar kontakt.

Påtaleansvarleg, politijurist Inger-Lise Høyland, vil ikkje kommentere saka på noverande tidspunkt.

Publisert: