O jul på din Festplass

For andre år på rad er det full julerulle på Festplassen. Julemarkedet i Bergen håpar på 750.000 gjester dei neste fire vekene.

RIR JULA INN: Ellinor Skau (3) og mamma Kaia Iversen er dei aller første som snurrar rundt på karusellen på Julemarkedet i Bergen.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

Ikkje eit snøfnugg i sikte og fire veker til jul. Likevel er det full julestemning på Festplassen.

Julemat, julenissar, julepynt. Alt som skal i hus før jul og endå litt til. Det er rett og slett tøft å bestemme seg.

Solbjørg Sandal fell i stavar framfor ei hylle med juledekorasjonar.

– Skal eg ta det vesle julehuset, eller eit litt større? Hm, dette blir vanskeleg. Kanskje eg må kome tilbake, seier 74-åringen.

– Har du mykje julepynt heime?

– Altfor mykje!

JULEKVALER: Solbjørg Sandal synest det er vanskeleg å bestemme seg.

Ein halv million innom i fjor

Ellinor (3) snurrar rundt og rundt med eit frydefullt smil. Det løner seg å vere tidleg ute.

Ein snau time etter at julemarkedet i Bergen opna torsdag morgon, har Ellinor og mamma den store hestekarusellen for seg sjølve.

Det varer neppe lenge.

I fjor var ein halv million menneske innom Julemarkedet i Bergen.

Alt i alt omsette utstillarane for 13 millionar kroner.

Arrangørane håpar på endå fleire og meir i år. Ikkje berre er det langt fleire utstillarar. Julemarkedet varer ei veke lengre.

– Vi håpar at 750.000 kjem innom i løpet av dei neste 24 dagane, seier marknadssjef Thomas Ottesen.

– Kjempesuksess

Bak ostedisken til Colonialen er Elisabeth Solmunde i ferd med å opne ein kartong eplegele frå Røyland Gård.

– Vi brukte mykje tid til rigging i går, men det er framleis ein del igjen, seier ho.

– Er ost under juletreet ein god ide?

– Ja, osten held seg til jul, og det går også an å kose seg før jul!

VER SÅ GOD: Elisabeth Solmunde byr på skillingsbollar og delikatesser i førjulsstria.

Colonialen deltok også på Julemarkedet i fjor.

– Ein kjempesuksess, seier Anne-Lise Strømmen, dagleg leiar i Colonialen Fetevare.

Publikumsrekord i pariserhjulet

«Hei, hå, nå er det jul igjen», syng Wenche Myhre i høgtalaren.

For Harald og Tom Ingebrigtsen er det likevel litt tidleg på dag med julegløgg. Far og son drikk heller kaffi.

– Den koppen er velfortent! Alt du ser rundt deg – vegger, telt, rubbel og bit – har vi levert, seier Tom, som er dagleg leiar i Arrangement Tjenester.

SOM FAR, SÅ SON: Både Harald (til v.) og Tom Ingebrigtsen har ein finger med i spelet for å få Julemarkedet i Bergen opp å stå.

– Og vi har levert hestekarusellen og pariserhjulet, sjølve blikkfanget, seier far Harald i Expo Team og legg til:

– Vi har aldri hatt så mange folk i det pariserhjulet som på Julemarkedet i Bergen i fjor. No er det viktig at bergensarane strøymer til og handlar, slik at dette blir fast tradisjon!

JUL I BERGEN: Julemarkedet i Bergen ligg i enden av Smålungeren.

Nær 80 faste utstillarar blir å finne på Festplassen i desember.

I tillegg skal 165 utstillarar veksle på tolv dagplassar.

Julemarkedet i Bergen er ope til og med 22. desember.

Publisert: