Meny Lukk

Inger Oline (33) vart gravid med Andreas (14). Skamma gjorde henne desperat. 

Endre Lilletvedt (illustrasjon)

Her er historia bak den første kriminalsaka i Bergens Tidende.

2. januar feirar Bergens Tidende 150 år! I høve bursdagen har ein journalist skrive historia om den fyrste kriminalsaka nokosinne.

Tilstod ikkje drap

I avisen for 150 år siden stod det at ei ung jente frå byen hadde vore til avhøyr på politikammeret. Ho var mistenkt for å ha «født i Dølgsmål og forvoldt sitt Barns død».

Å føde i dølgsmål betyr å føde i skjul. Barnet er uønskt. Graviditeten må haldast hemmeleg, og alle spor etter ein fødsel og eit barn må fjernast.

Kvinna BT skreiv om 2. januar 1868, var ugift og jobba som tenestejente i eit stort hus. Ingen visste at ho var gravid. Ingen hadde høyrt ein lyd då ho fødde barnet på rommet sitt om natta. Neste morgon gjekk ho til arbeidet sitt i kjøkkenet som vanleg.

Barnet levde ikkje. Ho hadde gøymt det i kista si.

Detaljar frå politiavhøyret vart bretta ut i spalta «Politinotiser». Jenta hadde først nekta alt, skreiv BT, men legen som undersøkte henne, meinte bestemt at ho hadde fødd for kort tid sidan.

Det tilstod ho, men ikkje drap.

Babyen var dødfødd, hevda ho, men etter obduksjonen konkluderte legen med at barnet hadde vore i live ved fødselen. «Endelig» tilstod jenta alt, skreiv avisa.

Dommen var ikkje klar då saka vart skriven. Likevel slo den anonyme journalisten fast med autoritet at tenestejenta ville få ni til tolv år på tukthus for drap på sitt nyfødde barn.

Kva var historia til kvinna, som vart førehandsdømt i den første utgåva av Bergens Tidende? På jakt etter svar, har BT grave seg 150 år tilbake i tid.


       BARNDOM: Jordbruksskulen på Mo i 1891. I husklyngja i bakgrunnen ligg Teigen. Dette er det einaste fotografiet som finst av husmannsplassen, der Inger Oline vaks opp.
BARNDOM: Jordbruksskulen på Mo i 1891. I husklyngja i bakgrunnen ligg Teigen. Dette er det einaste fotografiet som finst av husmannsplassen, der Inger Oline vaks opp.
Thora Bentzen

Kven var ho?

Inger Oline Kristiansdotter Moe var ei lita kvinne. Knapt 150 centimeter høg, med lyst hår og blå auge.

Ho vart fødd 7. november 1833 i Førde. Inger Oline var nummer fire i ein søskjenflokk på ni, og barndomsheimen låg like ved der Mo jordbruksskule no ligg.

Frå gammal tid var Mo ein av dei store gardane i kommunen. Jorda var mager, men skogen stor, og garden hadde fleire husmannsplassar. Foreldra til Inger Oline hadde vore tenestefolk på Mo i fem år då dei flytta inn på plassen Teigen.

Ungane dei fekk, vart fødde over ein periode på 25 år. Når dei vart 14–15 år og konfirmerte, var dei vaksne. Då var det ut å søkje teneste og klare seg sjølve.

Kampen for tilværet var hard på Vestlandet midt på 1800-talet. Indre Sunnfjord låg isolert til. Vegene var skrale, framkomst langs sjøvegen tungvint. Folk flest levde av det jorda gav dei, men det var langt til den store marknaden i Bergen og vanskeleg å få selt varene.

I byen lokka draumen om eit anna liv. Unge sunnfjordingar strøymde til Bergen i så store flokkar at bøndene heime klaga over at dei ikkje fekk tenestefolk.

Fattige, ammande kvinner drog til byen for å ale opp spedbarna til det bergenske borgarskapet, i heimar der fruene ikkje amma sjølve. Sine eigne babyar måtte ammene som regel la bli att heime.

«Hvor man ser sig om på byens gader, ser man disse Søndfjords-ammer med småbørn på armene; jeg synes jeg kjender dem – ikke alene på de sorte huer med fine hvide kanter, men også på deres stilfærdige og troværdige væsen», skreiv sosiologen Eilert Sundt i 1866, etter eit besøk i Bergen.


       EILERT SUNDT: Sosiologen Eilert Sundt fann ut at kvinner som fekk barn utanfor ekteskap, ofte var fattige husmannsdøtrer som hadde blitt gravide i tenesta.
EILERT SUNDT: Sosiologen Eilert Sundt fann ut at kvinner som fekk barn utanfor ekteskap, ofte var fattige husmannsdøtrer som hadde blitt gravide i tenesta.

Fekk fyrst ein gut

I 1854 fekk Inger Oline ein gut, ho kalla han Karl.

Kristen tru stod sterkt i Førde, som i mange andre bygder. Sundagar gjekk førdianarar i flokk og følgje for å høyre Herrens ord.

Folk må ha kviskra den kyrkjesundagen Karl vart boren til døypefonten. Inger Oline var ei 20 år gammal husmannsjente, far hans ein fem år eldre dreng. Dei var ikkje gift.

«Uægte født», noterte presten.

Ei kvinne som fekk barn utanfor ekteskap, slik som Inger Oline, førte skam ikkje berre over seg sjølv, men også over familien. Seksualliv var inga privatsak på 1800-talet. Kristen moral gjennomsyra samfunn og lovverk, og Bibelen slår fast at «du skal ikkje drive hor».

For ei fattig kvinne som Inger Oline, var det umogleg å ta seg av eit lite barn og samtidig vere ute i arbeid. Foreldra måtte steppe inn. Dei tok til seg Karl som fosterbarn.

Det var dobbel skam, for dei hadde alt eit fosterbarn, Karoline. I kyrkjebøkene med sirleg handskrift kjem det fram at ho var den uekte dottera til Helga, eldstesøstera til Inger Oline.

Inger Oline ute for ulykka igjen

Karl var to år då mor hans kom i ulykka igjen. Denne gongen var Kristian barnefar. Han var dreng på Kusslia, nabogarden til Mo.

Korleis kunne Inger Oline vere så uforsiktig? Var ho ein lettsindig type, eller berre uheldig?

På 1850-talet undersøkte sosiologen Eilert Sundt kven kvinnene som fekk barn utanfor ekteskap, var. Oftast var dei fattige husmannsdøtrer, som hadde blitt gravide i tenesta. På dei mange reisene sine rundt om i landet la Sundt også merke til at tenestefolk på gardane budde trongt. Både menn og kvinner sov i fjøset, til og med i dei same sengene nokre stader.

Men Inger Oline og Kristian hadde eit forhold. Dei fekk to døtrer, først Kristianne i 1856, så Anne Sofie i 1860, men gifta seg aldri.

Truleg var dei for fattige.


       GÅRDSLIVET: For 150 år siden var det mye som var annerledes.
GÅRDSLIVET: For 150 år siden var det mye som var annerledes.
BT ARKIV (ILLUSTRASJON)

Kristianne og Anne Sofie fekk bu hos mor. I 1865 finn vi Inger Oline og jentene att i Sjøhola, like ved kyrkja i Førde. Til midt på 1800-talet var dette handelsstaden i bygda.

Døtrene var no ni og fem år gamle. Inger Oline var «vaskerpige», og truleg del av den store arbeidsstyrken på embetsgardane i Førde. Ho fekk svært gode skussmål.

Inger Oline var leigetakar hos husmannen Morten Hansen og kona Johanna.

Året etter flytta endå ein person inn under same tak. Andreas Jensen var son av ei ugift tenestejente, oppvaksen på Bruland i Førde og kom til Sjøhola som pleieson.

Han var 14 år.

Inger Oline falt for Andreas

Ei spenning må ha oppstått mellom Inger Oline og Andreas. Det var farleg begjær. Ho var 34 år, erfaren og mor til tre, han ikkje eingong konfirmert.

Inger Oline tok ein høg risiko. Ho hadde tre uekte barn med to menn frå før. Å bli gravid med ein tredje mann utanfor ekteskap, var straffbart. Skamma var regelrett nedfelt i lovverket.

Begge innrømde seinare at dei hadde hatt samleie fleire gonger ved juletider i 1866. På nyåret oppdaga Inger Oline at ho var gravid. I påska fekk Andreas vite at han skulle bli far.

Han var eit barn sjølv.


        ÅSTADEN: I huset nedst til høgre var Inger Oline etter alt å døme leigetakar. Løa, der drapet skal ha skjedd, låg under fjellhammaren og er ikkje synleg på biletet. Husmannsplassen høyrde til embetsgarden Skei.
ÅSTADEN: I huset nedst til høgre var Inger Oline etter alt å døme leigetakar. Løa, der drapet skal ha skjedd, låg under fjellhammaren og er ikkje synleg på biletet. Husmannsplassen høyrde til embetsgarden Skei.
Sunnfjord museum

Fødte barn

Ein septemberdag i 1867 utspelte det seg fryktelege scener i løa i Sjøhola. Forklaringane om kva som faktisk skjedde, sprikte og endra seg. Men det som stod fast, var at Inger Oline denne dagen fødde eit barn, i dølgsmål, for å «skjule sin og Medtiltaltes Skam», som ho seinare sa til retten i Førde.

No sat Inger Oline i saksa. Om ho kom til å bli ei god mor, var uvesentleg. Svangerskapet hennar var eit brotsverk i seg sjølv og lovverket nådelaust.

Inger Oline må også ha tenkt på folkesnakket. Aldersforskjellen var nær 20 år og attpåtil «feil» veg.

Kvar dag rykte katastrofen nærare. Kanskje klamra ho seg til eit desperat håp om at naturen skulle ordne opp. Kanskje fortrengde ho graviditeten. Andreas var den einaste som visste om barnet som var på veg.

Fleire hadde rett nok lagt merke til den veksande magen. Men når dei spurde, fekk dei benektande eller unnvikande svar.

Ein laurdag ettermiddag tok veene til. Inger Oline måtte gå heim frå arbeidet på nabogarden.

Slik forklarte ho seg først om kva som skjedde:

I Sjøhola gjekk ho inn i løa. Like etter at fostervatnet gjekk, fødde ho ståande, lent inntil ein vegg. Barnet fall rett i golvet og slo hovudet. Navlestrengen rauk i det same. Ho såg ikkje teikn til liv.

Inger Oline tulla ungen inn i forkledet sitt og bad Andreas skjule liket i kyrkjemuren. I mørket, i opprørt tilstand, la guten frå seg bylten i ei steinur i utmarka.

Det tok ikkje lang tid før folk i huset skjønte at noko fatalt hadde skjedd. Same kveld vart barnet henta ut igjen.

Måtte i retten

Inger Oline hadde vakla mellom eit ønskje om å skjule skamma og ei frykt for å føde aleine, sa ho i retten. Ho innrømde at ho ikkje ønskte at barnet skulle leve, men nekta bestemt for å ha skadd den nyfødde.

Nyttårsaftan 1867 fall dommen i Sunnfjord. Retten var ikkje i tvil om at Inger Oline hadde teke livet av det nyfødde barnet, og dømde henne til åtte års straffearbeid på tukthus. Andreas fekk fengsel i 40 dagar for å ha vore delaktig i å skjule liket.

Dei var dei siste av i alt 50 nordmenn som det året vart dømde for fosterdrap, barnefødsel i dølgsmål, fosterfordriving eller for å ha delteke i dette.

Andre nyttårsdag kunne avislesarar i Bergen fordjupe seg i detaljar frå drapssaka. Kven var den anonyme og litt omtrentlege journalisten med så gode kjelder i politiet?

Høgst sannsynleg var det politikjelda i eigen person. Namnet var Johan Hekleberg, politifullmektig og aktor i mindre straffesaker. At embetsmenn tok slike oppdrag for avisene for å spe på inntektene, var slett ikkje uvanleg.

Hekleberg var ingen nøytral referent, men ein politimann som førehandsprosederte i spaltene.

«Under den mot henne anlagte sak har hun endelig gått til full bekjennelse», skreiv han.

At ho fødde i skjul, utan ein lyd, og neste dag gjekk på jobb som vanleg, fekk Hekleberg til å leggje til ein fordømmande kommentar om kvinner som Inger Oline.

«Forøvrigt giver hun som så mange andre i hennes stilling et eksempel på, hvilket stort herredømme en bestemt vilje har over legemlige smerter.»

BT utelukka dermed at Inger Oline kunne ha vore utilrekneleg - eller «afsindig», som det heitte den gongen - i gjerningsaugneblinken.

Månaden etter kom ankesaka opp i Bergen stiftsoverrett. Dommen vart ståande.

Blei dømt til fengsel

Inger Oline fekk åtte år, Andreas berre førti dagar. Kjønnsdimensjonen var tydeleg i barnedrapssaker. Stort sett vart kvinnene dømde. Barnefedrane slapp ofte unna, sjølv om nokre vart dømde for medverknad, som i denne saka. Først på slutten av 1800-talet kom dei første sosial- og kriminalpolitiske reformene som skulle endre mykje av dette. Inger Olines sak representerte såleis ei overgangstid.

Ho endra forklaring. No sa Inger Oline at Andreas hadde vore heilt frå seg då han fekk vite at han skulle bli far. Han ville ta livet av seg. Ho lova å ta på seg all skuld.

Ho hadde ikkje fødd i løa, slik ho hadde sagt, men på rommet sitt. Barnet hadde vore i live. Ein forstyrra Andreas hadde stått og sett på gjennom døra, livredd for at fostermor Johanna skulle høyre barneskrik. Inger Oline og barnet måtte vekk, sa han, og ho tok babyen med seg ut i løa. Andreas kom etter, ropte panisk:

«Johanna kjem, Johanna kjem!»

Inger Oline hevda at Andreas hadde slått barnet med knyttneven fleire gonger, men var usikker på om det var ho sjølv, i forvirra tilstand, som hadde bede han om å gjere det.

Barnet hadde ikkje vist teikn til liv etterpå.

Dommane vart skjerpa, då saka kom opp for Høgsterett 9. juli 1868. Andreas fekk 80 dagar og vart ført til det nye fengselet i Vik, som hadde opna berre fire år tidlegare. Med seg hadde han ein kasse bøker.

Andreas var svært nedbroten og opna seg etter kvart for fengselspresten. Han sa at han ikkje hadde snakka sant. Inger Oline hadde fødd i huset. Etterpå hadde han følgt henne og barnet ut i løa. Han hadde gått, men kome tilbake like etterpå. Då såg han henne dunke barnet og halde det for strupen. Ho oppfordra Andreas til å slå. Det gjorde han, fleire gonger, med knyttneven.

Den unge barnefaren meinte han hadde kjent liv i bylten han bar ut i ura.

Presten som besøkte den angrande Andreas jamleg, følte sympati med ungguten og hadde «de bedste Forhaabninger om ham».

Høgsterett var langt hardare mot Inger Oline. Ho vart dømt til ti års straffearbeid på Bergen tukthus for drap på sitt nyfødde barn, og for å ha blitt gravid med tre ulike menn utan å vere gift med nokon av dei.


       BERGEN TUKTHUS: I ni år sona Inger Oline på straffeanstalten i Bergen sentrum. I dag er bygningen, også kjend som Manufakturhuset, eigd av Bergen kommune.
BERGEN TUKTHUS: I ni år sona Inger Oline på straffeanstalten i Bergen sentrum. I dag er bygningen, også kjend som Manufakturhuset, eigd av Bergen kommune.
Illustrasjonsgrunnlag: Eirik Brekke, Bergens Tidendes arkiv og Arkivverket

«Alt derinde er fugtigt og skiddent, Gulvene og Tagene ere mere eller mindre raadne», skreiv Paul Magnus Norum i 1860 om forholda på tukthuset i Bergen.

Regnet trekte gjennom dei tjukke gråsteinsveggane og gjorde golva våte. Veggane var fulle av mugg, bjelkelaga rotne og treverket svart av elde. Det var bikkjekaldt.

Hovudbygningen frå 1646 var forfallen og i elendig tilstand. I årevis hadde det vore diskutert å leggje ned heile anstalten. I mellomtida vart berre det aller mest nødvendige vedlikehaldet utført.

«Man kunde fristes til at sige, at her var gjort alt muligt for at gjøre Stedet uhyggeligt», skreiv Daniel Thrap, fengselslærar på 1860-talet.

Då Inger Oline kom til Bergen tukthus, hadde Hans Jacob Dam nyleg gått av som overinspektør. Ein hard og nådelaus mann, som viste lite eller ingen empati med innsette og pårørande. Berre ved særleg lange og harde straffer skal Dam i sine 40–50 år som forstandar, ha late pårørande og innsette få treffe kvarandre. Familiar skal ha reist heilt frå Sogn og Fjordane for å møte sine, berre for å bli møtte av ei stengt dør.

Dams regime sat nok enno i tukthusveggene då Inger Oline vart innelåst, men temperaturen steig iallfall. Noko av det første den nye overinspektøren gjorde, var å skaffe nye omnar.

Fangane på Bergen tukthus, også kalla Manufakturhuset, hadde drakter i grå vadmål, med gule detaljar på trøyer, bukser og skjørt. I 1868 sona 855 menn og 323 kvinner på straffeanstalten.

Sommarstid stod fangane opp klokka 5 for å bli låste inn i arbeidslokala. Arbeidsdagen varte i over 12 timar, og typisk kvinnearbeid var sying, strikking og korgfletting. Klokka 20 vart dei igjen låste inn på «de mørke kolde Sovelocaler for altsaa strax at gaae til sengs», ifølgje Norum.

Fangane sov to og to i kvar seng. Bade fekk dei aldri, med mindre dei var svært sjuke. Disiplinen var knallhard, og vaktarane såg ikkje «gjennem Fingre med selv den mindste Overtrædelse».

«Barnemorderskene» prega Bergen tukthus. Dei hadde dei lengste straffene, og mange var svært nedbrotne. Når kvinnene kom til fengselspresten for å få råd og trøyst, opplevde han at dei la for dagen oppriktig anger.

«Kvinder, der straffes for Barnemord, føle sig næsten uden Undtagelse meget ulykkelige ved sin Indsættelse i Strafanstalten», skreiv presten i 1876.

Katastrofe

For døtrene i Førde må det ha vore ei katastrofe då mor kom på tukthus. Skuleprotokollen viser at Kristianne (11) gjekk på skule i Førde sentrum fram til juli 1868, då høgsterettsdommen fall. Så la læraren inn ein merknad.

«Udflyttet til Mo.»

Kanskje flytta systrene til besteforeldra, kanskje til faren Kristian, som framleis budde på Kusslia. Kanskje var det ikkje tilfeldig at han same månad hadde gifta seg med Ida på Kvål og etablert familie.

Alt året etter mista jentene far sin. Kristian omkom på fiske på Sunnmøre i 1869.

Døtrene vart konfirmerte og vaksne medan mor sat inne. I 1875 var Kristianne 19 år og jobba som tenestejente i Førde. 15-åringen Anne Sofie var«lægdslem med hel fattigforsørgelse».


       SØKNAD TIL KONGEN: «Straffange Inger Oline Kristiansdatter Moe er bleven bøiet af Straffelivet. Hun søger flittig Kirkens Goder, og den Bekjendelse hun nu afgive om sin Forbrydelse, er mindre uklar end den hun afgav for Retten», var attesten frå fengselsprest Arnoldus Hille.
SØKNAD TIL KONGEN: «Straffange Inger Oline Kristiansdatter Moe er bleven bøiet af Straffelivet. Hun søger flittig Kirkens Goder, og den Bekjendelse hun nu afgive om sin Forbrydelse, er mindre uklar end den hun afgav for Retten», var attesten frå fengselsprest Arnoldus Hille.

Mor søkte fleire gonger «underdanigst» om å bli benåda. Ei endring i straffelova i 1874 hadde redusert straffa for barnedrap, og ho fekk godt skussmål av Arnoldus Hille.

Fengselspresten frå Sogn, seinare biskop i Hamar, skreiv at Inger Oline ofte gjekk i kyrkja i fengselet og klarare enn i retten erkjente det ho hadde gjort. Likevel fekk ho avslag på grunn av dei skjerpande omstenda - og kanskje også fordi ho ikkje hadde vore ærleg under rettssaka.

Inger Oline hadde ti månader att å sone då fengselsvesenet i Bergen vart omorganisert. Slaveriet, straffeanstalten for menn, vart lagt ned og fangane overførte til Bergen tukthus. Kvinneavdelinga vart flytta til Oslo for å gi plass.

22 kvinnelege fangar vart transporterte med båt austover hausten 1877. Over halvparten var dømde for fostermord eller barnedrap, dei fleste med bakgrunn som tenestejenter.

Ein kjole, tre skjorter, ei trøye, eit par pulsvantar, eit linne, støvlar, mansjettar og eit par strømper. Fange nummer 203 hadde med seg alt ho eigde då ho vart skriven inn på Kristiania tukthus i oktober. Opphaldet vart kort.

Inger Oline hadde sendt inn ein tredje søknad om benådning. Ni månader før straffa var ferdigsona, innstilte Justisdepartementet på å sleppe henne fri.

Like før jul vart Inger Oline Kristiansdotter Moe benåda av kongen. Veslejulaftan 1877 var ho ei fri kvinne.

Ho fekk utbetalt 33 kroner og 40 øre då ho gjekk ut fengselsporten. Pengane i lomma må ha føltest nye og uvande. Noreg hadde skifta valuta og gått frå skilling til kroner medan ho sat inne.

Det var jul. Inger Oline var langt heimefrå. Kor tok 45-åringen vegen?

Flytta til Bergen

Ho reiste vestover, men ikkje til vesle Førde. Kanskje kjendest det umogleg å dra heilt heim, der alle visste, med skamma. I ein stor by var det lettare å begynne på nytt. Dessutan hadde Inger Oline kontaktar i Bergen etter åra i fengsel.

Etter at ho melde flytting til Bergen, forsvann ho frå folketeljingane i mange år. Årsaka er truleg at ho busette seg i Årstad, som ikkje vart innlemma i Bergen før i 1915. I Årstad budde ein gammal kjenning av Inger Oline, Jens J. Gjerdrum. Dei må ha møttest på tukthuset.

Jens frå Øvre Romerike var ein gjengangar. Då han rauk inn for tjuveri i 1871, var det hans femte, men også siste fengselsdom. Han sleppte ut året før Inger Oline, tok jobb på Bergen Mek. Verkstad og gifta seg med Eli frå Fusa. Ho døydde etter få år. Kanskje var det då Inger Oline tok til å stelle for Jens.

I 1891 budde begge i Lille Øvregaten 29. Jens livnærte seg no som skomakar, Inger Oline som hushalderske. Kuriøst nok delte dei tidlegare fengselsfuglane inngangsdør med politikonstabel Nils Jonsen.

I dei siste tiåra av 1800-talet etablerte ungane til Inger Oline seg. Eldstedottera Kristianne gifta seg i 1880 med Martinus, husmann i Naustdal og vegoppsynsmann. Året etter vart Herman født, det første barnebarnet til Inger Oline. Han fekk åtte sysken.

Anne Sofie fann seg ein murarsvein frå Indre Holmedal. Ho og Nils gifta seg i 1889 i Korskirken i Bergen, og slo seg ned i byen. Ungane kom som perler på ei snor, ei jente og tre gutar.

Karl, den førstefødde, var snikkarsvein og budde også i Bergen. I 1882 gifta han seg med Anne, også ho frå Indre Holmedal. Dei var ikkje dei einaste i familien med adresse Haukelandsmuget, i dag Badstustredet. Far til Karl budde i same hus med sin familie.

Andreas, barnefaren som sjølv var eit barn, hadde bytt etternamn til Bruland etter garden han vaks opp på i Førde. Han gifta seg med Katrine frå Jølster, fekk tvillingane Hans og Inga Marie og busette seg i Fana. Andreas jobba som jarnbanearbeidar, men må ha drøymt om ein ny start.


       OVER HAVET: Andreas Bruland tok med seg familien til Amerika i 1881.
OVER HAVET: Andreas Bruland tok med seg familien til Amerika i 1881.

I 1881 emigrerte Andreas og familien til Amerika med White Star Line. Han var 28 år då han gjekk om bord.

Inger Oline og Jens skifta stadig adresser. I 1906 budde dei i Fortunen. Eit vondt år. Ho stelte for Jens, men var giktisk og svekka av alderdom. I februar måtte ho for første gong gå til fattigvesenet og be om hjelp. Ho fekk utbetalt nokre kroner kvar månad, samt litt matvarer.

I november døydde Jens.


       BERGEN: Tidleg på 1900-talet var Inger Oline registert som hushalderske hos skomakar Jens Gjerdrum i Fortunen.
BERGEN: Tidleg på 1900-talet var Inger Oline registert som hushalderske hos skomakar Jens Gjerdrum i Fortunen.
Ukjent

Sjølv om kroppen var utsliten, hadde ikkje Inger Oline råd til å pensjonere seg. I sine siste, yrkesaktive år jobba ho på Campbell Andersens Enke AS i Solheimsviken. Den store kvinnearbeidsplassen med kring hundre tilsette produserte ulike garn og tråd.

Fabrikken hadde eigen arbeidarbustad med seks husvære; etter alt å døme same hus som romma Peppes Pizza fram til bygningen var riven i 2013.

Her budde Inger Oline til ho døydde.

Blei 88 år

Ho var seig. Frå ho var ungjente til langt inn i alderdommen, hadde ho slite frå morgon til kveld, året rundt. Ti år på tukthus hadde bøygd henne. Ho hadde påført seg og sine store lidingar og skam. Det må ha vore tøft å leve med. Men ho var ein overlevar.

Inger Oline Kristiansdotter Moe vart 88 år. Dei siste åra var ho åreforkalka og neppe i stand til å arbeide. Likevel fekk den gamle, einslege kvinna bu i arbeidarbustaden.

22. august 1917 sovna ho inn.


       SOLHEIMSVIKEN: I huset til høgre døydde Inger Oline Kristiansdotter Moe i 1917.
SOLHEIMSVIKEN: I huset til høgre døydde Inger Oline Kristiansdotter Moe i 1917.
Atelier KK og Universitetsbiblioteket i Bergen

Jordisk gods vart ho aldri rik på. Av den nøkterne dødsprotokollen går det fram at husmannsjenta gjekk ut av verda like tomhendt som ho kom inn:

«Intet efterladt.»

Og likevel. Barna ho måtte bere fram i skam, hadde klart seg. Livet gjekk trassig vidare. Inger Oline fekk 18 barnebarn.

Ho hadde ikkje levd forgjeves.

Hva synes du?

Laster reaksjoner…
Hva mener du? Klikk her for å kontakte BT Junior.