Kjære BT Junior-lesar: Ikkje alle gler seg til jul.

I jobben min som helsesøster møter eg barn og unge kvar dag. I det siste er det fleire som har fortalt meg at dei ikkje gler seg til jul. Nokre synest jula er slitsam fordi dei vaksne stressar, kranglar og kjeftar meir enn vanleg. Andre uroar seg fordi dei veit at mamma eller pappa kjem til å drikke for mykje og seie dumme ting i jula.

I mange kulturar er det ikkje vanleg å feire jul.

Mange synest det er spennande og gøy å vera med på juleaktivitetar på skulen, men opplev det som vanskeleg at foreldra ikkje bryr seg om jul og ikkje lagar til noko heime. Andre bekymrar seg for om foreldra har nok pengar til julefeiringa.

Sjølv om ikkje alle gler seg til jul, er det ikkje dermed sagt at dei som gler seg til jul ikkje skal få lov til det.

For dei som gruar seg til jul kan det vera til hjelp å ha gode venner som ser at dei har det vanskeleg. Sjå deg rundt, kanskje ser du ein klassekamerat som ser ned eller vekk når de snakkar om jul på skulen?

Kallestad, Gorm / NTB Scanpix (ILLUSTRASJONSFOTO)

Kanskje ser vennen din litt trist ut når du fortel om alt det gøye du skal i juleferien? Om du kjenner ein som kjem frå eit anna land, kan du spørje om dei skal feire jul. Dei som ikkje feirar jul synest ofte det kan vera spennande å bli invitert heim til familiar som feirar jul.

Kanskje du kan invitere til peparkakebaking eller juleverkstad? Eller spørje om de skal finne på noko anna gøy saman. På denne måten kan du bidra til at fleire får delta i juleførebuingar og kanskje få ein liten smak av juleglede.

Mitt ønskje for jula er at alle kan forsøkje å sjå kven dei har rundt seg, og inkludere dei som ikkje har det så lett i denne tida.

Dersom du er ein av dei som gruar seg til jul, kan det hjelpe å snakke med nokon om det. Du kan snakke med ein lærar eller helsesøster på skulen.

Med ønskje om at alle skal få ei god jul!

Helsing helsesøster Mariann

Denne artikkelen blei først publisert i 2017. Vi tenkte at fleire kan ha gleda å lese den også i år, og har derfor valt å republisere den.

Fleire helsesøster-saker: