Har du foreldre frå eit anna land er det ganske sannsynleg at dei ikkje hadde adventskalender då dei var små. Kanskje feira dei ikkje jul heller.

Det er ofte slik at ein tek med seg litt av det ein gjorde som barn sjølv, når ein blir foreldre.

Det finst og norske foreldre som ikkje er vane med adventskalender. Medan andre kanskje fekk ein liten kalender med småting, hadde nokon ein pappkalender med ein liten sjokoladebit, eller kanskje ein gåvekalender med innpakka gåver.

I dag finst det mange fleire variantar av adventskalendrar. Nokre har aktivitetskalender, andre har «gjer noko fint for andre-kalender», ei bok ein les i, peparkake-kalender, lappar med nokre fine ord, fotballkortkalender og mange andre typar. Nokon få får òg store og dyre gåver kvar dag, og andre ingenting. Det kan verke veldig urettvist om ein ikkje får noko.

Eg har snakka med barn som er lei seg fordi dei ikkje skal ha adventskalender, eg har òg snakka med barn som synest dei får for lite og foreldre som vert lei seg fordi barna ikkje synest det dei har kjøpt eller laga, er godt nok for barna.

I samfunnet vårt er det slik at vi har mange førestillingar og forventningar om korleis ting skal eller bør vera. I verkelegheita er det ikkje alltid det blir slik ein har sett for seg.

Kanskje har barna sett for seg noko anna enn det dei får, og foreldra har sett for seg at barna skal bli glade og takksame. Det kan resultere i at ingen vert fornøgde.

Kanskje er det lurt å avklare forventningar på førehand for å unngå at ein vert skuffa? Dersom ein ikkje har brukt å få adventskalender, kan ein forklare for foreldra kva det er og at det finst ulike måtar å gjere det på.

Kanskje veit ikkje foreldra dine kva adventskalender er. Om ein ikkje forstår kva det er, er det vanskeleg å vite kva det betyr for barn.

Dersom ein som foreldre hadde adventskalender som barn, er det fint å fortelje til barna kva det betydde for ein sjølv og kvifor ein synest det er ein viktig tradisjon.

Saman i familien kan ein spørje kvarandre kva ein forventar seg og kva ein synest er viktig. Ønskjer ein fokus på miljøet, kanskje vi ikkje treng fleire ting i huset vårt? Har vi lyst å hjelpe andre i tida fram mot jul? Har vi lyst å gjere fleire ting saman i familien? Har vi lyst på ein liten sjokoladebit kvar dag? Vil vi spare pengane til noko anna, eller gje ein sum til andre som kanskje treng det meir? Kanskje kjem du og din familie fram til at adventskalender ikkje er så viktig. Det er også greitt.

Det finst mange ulike meiningar og tankar om kva ein adventskalender kan vera, det finst ingen fasit. Kva adventskalender du måtte få, har lite med kor glade foreldra dine er i deg.

Foreldre er like forskjellige som adventskalendrar.

Helsing helsesøster Mariann