Jente (12): – Eg har aldri gått på ein fritidsaktivitet

Hei helsesøster! Eg har aldri gått på ein fritidsaktivitet. Nesten alle i klassen er med på fotball, handball, kunstløp eller noko anna. Eg kjenner meg så rar og annleis når eg seier til dei andre at eg ikkje har lyst, men eg vil, men får ikkje lov. Eg har spurt mamma om eg kan få byrje på handball mange gongar, ho svarer ofte til neste år, eller at vi må vente. Ho sa ein gong at handball ikkje var for jenter, men det stemmer ikkje. Eg er lei av å vente. Korleis kan eg overtale mamma? Eg trur kanskje det handlar om pengar. Eg har berre mamma, pappa døde før vi kom til Noreg. Vi har ofte lite pengar. Mamma jobbar ikkje. Hilsen jente, 12 år

Publisert: Publisert:

Les hele saken med abonnement