Hei,

Det er fleire som har opplevd å få liknande meldingar som deg på sosiale media, ofte på den anonyme appen «Tellonym». Eg forstår godt at du vert usikker på kva det betyr, om det er bra eller dumt.

Eg tenkjer at dei som sender slike meldingar gjerne er litt usikre på kva det betyr sjølve, dei prøver det gjerne ut for å sjå kva reaksjonar dei får, kanskje det er eit forsøk på å vera morosam? Eller det kan vera eit ønske om å få kontakt med deg?

Det handlar nok meir om dei som skriv til deg, enn om deg.

Mange uttrykkjer seg på sosiale media på ein måte dei aldri ville gjort fjes til fjes. Anonyme apper som Tellonym gjer det enklare for mange å skrive eller spørje om ting fordi namnet deira er skjult, og ingen veit at det er dei. Dei som får meldingane vert usikre, lurer på kven som sender det og kva det betyr.

Når vi snakkar saman fjes til fjes ser vi ansiktsuttrykka til kvarandre og kan lettare forstå om det er spøk eller alvor.

Når ein skriv bør ein tenkje på korleis dei som les det kan oppfatte det ein skriv. Ein bør ta ansvar for det ein skriv, på same måte som ein må stå til ansvar for det ein seier til andre fjes til fjes.

Å uttrykkje seg gjennom sosiale media kan vera bra, men berre om ein viser respekt for dei som skal lese eller sjå det ein legg ut. Det ein skriv bør også kunne seiast fjes til fjes.

Helsesøster Mariann