Meny Lukk
Bli abonnent

Vi skriver om det som er viktig for unge i Bergen.

BT Junior er en abonnementstjeneste, men vi ønsker å gi deg en liten smakebit av innholdet. Derfor er denne artikkelen åpen for alle.

Allerede abonnent? Logg inn her.

Mange har høyrd om angst, men kva er det eigentleg?

Antonio Guillem / Shutterstock / NTB scanpix
?

Spør helsesøster

Kva er angst? -Gut 13 år-

Helsesøster svarer

Mariann Enoksen

Hei,

Det finst forskjellige typar angst. Det som er felles for angst er at ein blir redd og fryktar at noko skal skje. Hjarte byrjar å slå fort, ein kan bli stiv i kroppen, svettar, ein kan bli kvalm og nokre får problem med pusten.

Mange kjenner at dei vil flykte. Det kjennes ut som om ein mister kontrollen over kroppen sin. Nokre veit kva dei fryktar, andre veit ikkje kva som gjer at angsten kjem.

Ikkje farleg

Det er ikkje farleg med angst, sjølv om det kan kjennast farleg ut når ein mister kontroll over kroppen sin.

Fobiar er ein type angst, då kan ein til dømes vera redd for edderkoppar, fly, mus, slangar eller andre ting. Nokre kan ha frykt for enkelte situasjonar, aktivitetar eller gjenstandar, og anstrenge seg veldig for unngå det dei fryktar. Ein kan også ha sosialangst, då er ein gjerne redd for større grupper med menneske, eller kjenner ubehag når ein skal møte menneske i bestemte situasjonar.

Ein kan bli redd for å dø

Det er også noko som heiter panikkanfall eller panikkangst, då kan ein bli redd for å dø. Hjarte slår fort, ein svettar, pusten går fort og ukontrollert. Denne typen angst kjem plutselig og uventa, og mange forstår ikkje kva som skjer. Frykta for at det skal skje igjen, kan gjere at mange held seg heime. Ein vert redd for sjølve angsten.

Dersom angsten pregar kvardagen og gjer det vanskelig, finst det heldigvis hjelp å få. Det finst fleire former for behandling. Ein type heiter eksponeringsbehandling, då utsetter ein seg for det ein er redd for (til dømes edderkoppar) med hjelp frå fagpersonar. Etter kvart gjer behandlinga at ein vert mindre redd for det ein fryktar, og i bestefall forsvinn angsten heilt.

Angst er ein vanleg plage i Noreg

Kognitiv terapi betyr å samtale med ein psykolog eller annan fagperson om tankeprosessar. Ein arbeider saman om å bryte vanskelige tankemønstre. Dersom du eller andre opplev angst kan helsesøster på skulen vera ein god person å oppsøke, aleine eller saman med mamma eller pappa. Saman med helsesøster kan du finne ut om du treng hjelp og behandling frå andre. Nokre gongar kan det vera nok å snakke med helsesøster.

Angst er ei vanleg psykisk plage i Noreg. Både barn og vaksne kan ha angst. Ein kan lære seg å leve med angst.

Du kan lese meir fakta om angstlidelser her! Mer om psykisk helse leser du her!

Helsing Helsesøster Mariann

Hva synes du?

Laster reaksjoner…
Hva mener du? Klikk her for å kontakte BT Junior.
Les hele saken med abonnement på BT Junior Hei, vi kan ikke se at du har et BT Junior-abonnement. Bytt konto

Jubileumstilbud!

Gi en smart gave til nysgjerrige barn!
Kjøp 1 år for 300 kr Deretter kr 79 /mnd
For BT-abonnenter kr 49 /mnd
Ingen bindingstid.

Vi feirer ett år med engasjerende og underholdende journalistikk for barn og unge!

BT Junior er en nettside der barn og unge kan oppdatere seg på nyhetsbildet, bli underholdt og bidra med meninger og innhold.

Engasjerende
Spennende
Forklarende
Underholdende

Lurer du på noe?