Eg bur på Langhøyane i Radøy kommune. Kvar dag må eg krysse ein veg med mykje trafikk for å gå til skulen.

Eg synest det er skummelt å gå over vegen fordi eg er redd for å bli påkøyrd.

       HER MÅ SEBASTIAN KRYSSE VEGEN: – Det er ikkje overgangsfelt her.
HER MÅ SEBASTIAN KRYSSE VEGEN: – Det er ikkje overgangsfelt her.
Privat

Det hender av og til at nokre biler stoppar når eg står og ventar på å gå over.

Me har fått fortau for cirka ein månad sidan, men framleis ikkje fotgjengarovergang.

Eg skulle ønske det kunne kome ein fotgjengarovergang slik at vegen blir tryggare for meg og andre barn å krysse når me skal på skulen eller på fritidsaktivitetar. Håper vi kan få det snart.

Sebastian (8)

Les også:

Steven Colin Chilvers