Eg skal fortelja om ein gut som heiter Per. Per føler seg ikkje bra nok i høve til skulen. Det er ikkje enkelt for ein som ikkje eig teoretiske interesser å sitja på skulebenken og vera motivert.

Ikkje berre det at Per ikkje er teoretisk interessert, han har også skrive og lesevanskar, noko som på fint vert kalla dysleksi. Han føler seg trist og lei av skulen. Per må sitja ti år på skulebenken og føler at han ikkje er god nok fagleg. Sjansane for å koma inn på vidaregåande der han ynskjer er heller små. Han må jobbe mykje hardare enn andre for å klare å klare å få karakterane han treng. Kvar dag han møter på skulen får han oppgåver han ikkje meistrar. Han synest det er grufullt og karakterane er dårlege. Han synest skulen er heilt jævlig. Men det som er verre er at vennene har betre karakterane, og at dei maser på han om kva karakterar han har.

No går Per på ungdomsskulen og veit han må prestera for å nå sin draum, nemleg å få fagbrev i eit praktisk fag han interesserer seg for. Per veit han må, men greier ikkje motivera seg. Til og med fritida legg skulen ein dempar på, nemleg på grunn av lekser. Helgene er heller ikkje leksefri. Leksene ligg der som ei mare, noko Per veit han bør gjera, men ikkje orkar.

Per er ein heilt anna gut dei dagane han kjem heim å seier: I DAG HAR EG IKKJE LEKSER!!! Han stråler.

Per som må ha hjelp til å lesa oppgåvene og gjennomføra leksene på ein tilfredsstillande måtte brukt lang tid, og gjera det doble av ein såkalla normal elev. Dessutan er det ikkje hyggje i heimen når leksene skal gjerast. PER HATAR BÅDE SKULEN OG LEKSER. HAN SYNEST DET ER JÆVLIGT. Kvifor tenkjer skuleverket berre teori? Kva med dei elevane som er praktisk anlagt? Dei som likar å bruka kroppen sin og utretta noko, eller laga noko. Har ikkje dei rett på ein einaste god skuledag? Tenk å gå og mistrivast i ti år. Har nokon i skuleverket tenkt på at det er elevar som ikkje føler seg bra nok gjennom heile grunnskulen?

Per prøver å motivera seg, men greier det ikkje. Han tenkjer: KVIFOR MÅ EG HA ALLE DESSE FAGA EG IKKJE FÅR BRUKT FOR SEINARE? Samtidig veit han at det er uaktuelt med fritak frå fag for då får han ikkje koma vidare og ta eit eventuelt fagbrev.

Per er nok ikkje den einaste som strever, mange har det nok verre, til dømes dei som ikkje har noko konstruktivt interessant å gjera på fritida si heller. Per likar å arbeide både seint og tidleg, både søndag og måndag, men det er med praktisk arbeid, noko han har høve til kor tid han vil. Her kan Per arbeida sjølvstendig og visa at han meistrar noko, her er han ingen tapar. Ikkje bra nok, men bra nok. Her kosar han seg.

Tenk om han kunne vore fri frå tanken på både på skulen og lekser på fritida si. Tenk om Per står med eit papir i handa etter ti års skulegang der det står nokon tal som seier at han ikkje er bra nok til å koma seg vidare på skule for å prøva å få det fagbrevet han alltid har ynskt seg fordi han ikkje er bra nok. Kunne noko ha vore gjort annleis? Er det mogeleg med andre opplegg? Kva kan kommunen gjere for at desse elevane skal meistre skulekvardagen?

Seim Gard, det einaste skuletilbodet for elevar med slike vanskar, blir no lagt ned. Korleis kan ein hjelpa ein som veit at han må og vil, men ikkje får det til. Kva kan ti års skulegang gjera med ein gut som i alle desse åra ikkje har vore bra nok fagleg, men som har så lyst til å få seg fagbrev, få seg arbeid og tena til livets opphald.

I samfunnet i dag er det ikkje så lett å få seg arbeid utan fagbrev, betalinga vert heller ikkje så bra.

Tenk om Per og alle andre som er i Per sin situasjon kunne få eit opplegg dei kunne greia å motivera seg til, og endra «ikkje bra nok» til «bra nok».

Av Benjamin Langenes