Det var vondt å lesa det du skreiv i Bergens Tidende Sebastian, om at du er redd for å verta påkøyrd når du skal kryssa fylkesvegen ved Langhøyane på Manger.


       Sebastian (8), frå Radøy.
Sebastian (8), frå Radøy.
Privat

Kommunen din har lenge ønskt å få dette fotgjengarfeltet på plass, for det står i trafikksikringsplanen til kommunen. Men det er ikkje kommunen som eig vegen, det er det fylkeskommunen som gjer.

Fylkeskommunen sine retningslinjerfor for plassering av fotgjengarfelt rådde frå å byggja fotgjengarfelt på Langhøyane.

Men då vert du framleis like utrygg, og det ville ikkje politikarane i partia Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Kristelig folkeparti og Sosialistisk Venstreparti at du skal vera.

Me synest at ønsket ditt og kommunen din sitt rette og slett er både fornuftig og rimeleg.

Derfor har Fylkestinget i Hordaland bestemt at det vert bygd fotgjengarfelt på Langhøyane i løpet av 2019. Eg håpar det skjer så snart som råd.

Beste helsing ordføraren din Jon Askeland og fylkeskommunen