Meny Lukk
Bli abonnent

Vi skriver om det som er viktig for unge i Bergen.

BT Junior er en abonnementstjeneste, men vi ønsker å gi deg en liten smakebit av innholdet. Derfor er denne artikkelen åpen for alle.

Allerede abonnent? Logg inn her.

Steinras tok skulevegen til Ingeborg og Astrid 


       SYKLAR PÅ RASVEG: Eldfrid Førde med Ingeborg og Astrid Dæmring Førde framfor fjordarmen der raset gjekk. Raset kan sjåast i fjellsida på andre sida av fjorden.
SYKLAR PÅ RASVEG: Eldfrid Førde med Ingeborg og Astrid Dæmring Førde framfor fjordarmen der raset gjekk. Raset kan sjåast i fjellsida på andre sida av fjorden.
PRIVAT

Sundag morgon gjekk raset på vegen der dei vanlegvis syklar. Det kunne gått gale.

I åttetida i vekedagane syklar Ingeborg og Astrid til skulen i Bjordal saman med mor deira, Eldfrid Førde.

Dei to jentene går i tredje og femte klasse på skulen der, to kilometer frå Førde i Høyanger kommune.


       STEINRAS: Drønnet frå raset kunne høyrast i de nærmaste bygdene. Geir Helge Østerbø bor på Østerbø. Han tok dette biletet med drone.
STEINRAS: Drønnet frå raset kunne høyrast i de nærmaste bygdene. Geir Helge Østerbø bor på Østerbø. Han tok dette biletet med drone.
GEIR HELGE ØSTERBØ

Steinras

Sundag morgon gjekk det eit mellom 50 og 100 meter bredt steinras der dei vanlegvis syklar.

Svære steinblokkar dundra mot fjorden frå fjellet Hestkamben og kutta både veg og straum for folk sør for Sognefjorden.

– Det er ekkelt å tenkje på at raset gjekk akkurat på den tida eg har sykla denne vegen med jentene, seier mor til Ingeborg og Astrid.

Heldigvis blei ingen tatt av raset.

For lang skuleveg


       KORT SYKKELTUR: Det er omtrent denne ruta jentene hadde til skulen før raset.
KORT SYKKELTUR: Det er omtrent denne ruta jentene hadde til skulen før raset.
Google Maps / Reidun Drægebø

Familien Førde er ikkje sperra inne, men raset gjer skuleturen urimeleg dryg.

Sjå kartane under.

– Blir det tidleg sommarferie for skulejentene dine?

– Det blir vel båtskyss eller heimeskule. Læraren bur på same sidan av raset og utan båtskyss kjem heller ikkje læraren seg til skulen, fortel mor til Ingeborg og Astrid.


       STEINRAS: Grunna raset er det ikkje mogeleg å sykle eller gå til skulen. Båt er eit alternativ, men det er ikkje bestemt enda om kommunen sit opp ei båtrute. Omvegen rundt går via Matre og Opedal og er ti mil lang.
STEINRAS: Grunna raset er det ikkje mogeleg å sykle eller gå til skulen. Båt er eit alternativ, men det er ikkje bestemt enda om kommunen sit opp ei båtrute. Omvegen rundt går via Matre og Opedal og er ti mil lang.
Google Maps / Reidun Drægebø

Hva synes du?

Laster reaksjoner…
Hva mener du? Klikk her for å kontakte BT Junior.
Les hele saken med abonnement på BT Junior Hei, vi kan ikke se at du har et BT Junior-abonnement. Bytt konto

Jubileumstilbud!

Gi en smart gave til nysgjerrige barn!
Kjøp 1 år for 300 kr Deretter kr 79 /mnd
For BT-abonnenter kr 49 /mnd
Ingen bindingstid.

Vi feirer ett år med engasjerende og underholdende journalistikk for barn og unge!

BT Junior er en nettside der barn og unge kan oppdatere seg på nyhetsbildet, bli underholdt og bidra med meninger og innhold.

Engasjerende
Spennende
Forklarende
Underholdende

Lurer du på noe?