– Eg hadde nokre veldig dårlege timar, seier Synnøve Bjørndal. Ho skulle berre ta inn hundane etter ein luftetur måndag ettermiddag.

Så smatt buhunden Várind og ein annan kvalp forbi henne, og la på sprang: ut døra og over det islagde Bjørndalsvatnet på Frekhaug utanfor Bergen.