Seniorhavariet

Når alle veit at vi må stå lenger i arbeid, kvifor blir 60-åringar skvisa ut frå norske arbeidsplassar?

OVER 60: Økonomen Steinar Juel (65) blei forbanna då bladet «Vi over 60» dukka opp i posten med tilbod om seniorrabattar og andre privilegium. Han vil ha slutt på at folk over 60 får særbehandling. FOTO: VIDAR RUUD
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

I desse dagar får folk over heile landet ein epost frå sjefen. Der står det at aldersgrensa blir sett opp frå 67 til 70 år frå 1. juli.

Heilt greitt for meg. Eg likar jobben min, og blir gjerne nokre år til. Og med tanke på landet og slikt er det jo naudsynt òg: Vi blir stadig færre i jobb bak kvar pensjonist — det var difor Stortinget i fjor vedtok å auke aldersgrensa, med frist 1. juli i år. Det, og det at vi lever stadig lenger og har betre helse.

Men samstundes som Stortinget vil ha oss til å jobbe lenger, ryk seniorane ut frå norske bedrifter. Nav har registrert ein ny trend. I tidlegare nedgangstider har arbeidsløysa auka mest blant dei unge, fordi dei har kortast ansiennitet. Men denne gongen er det annleis: Ifølgje rapporten, som kom i førre veke, auka arbeidsløysa i 2015 raskast blant dei over 50 år. I gruppa 50-59 år var auken 16 prosent, blant dei over 60 var auken 24 prosent. Og trenden held fram i år.

Dette bryt òg ein annan trend som kom med pensjonsreforma i 2011, der det vart langt meir lønsamt for arbeidarar i privat sektor å jobbe lenger. Kvart år etter reforma har stadig fleire over 50 år blitt yrkesaktive. Fram til 2015. Då vart det stopp.

Er kommunen så rik?

Les også

75 år og for gammel?

Kvifor? NAV-rapporten («Arbeid og velferd») er tynn når det gjeld svar. Men på Nav si heimeside seier seksjonssjef Christian Lien at det «sannsynlegvis» heng saman med «de vanskelege forholda på arbeidsmarknaden med aukande arbeidsløyse». Arbeidslivsadvokatar Finansavisen har intervjua seier det same: Eldre blir stadig oftare plukka ut ved nedbemanningar.

Mange seniorar, ikkje minst i oljeselskap som Statoil, forsvinn ut fordi dei har fått tilbod om langt betre sluttpakkar enn sine yngre kollegaer. Det er ein vanleg måte å innrette sluttpakkar på, å gje dei beste tilboda til dei med lengst ansiennitet.

Ei annan del av denne forklaring er AFP-ordninga. Frå 2011 vart denne gjort meir attraktiv, mellom anna ved at AFP-arane no kan jobbe så mykje dei vil utan at pensjonen blir redusert. Når mange arbeidsgjevarar krydrar det heile med å slenge på ein gåvepensjon på toppen, blir tilbodet så feitt at det blir vanskeleg å seie nei. Mange kunne nok tenkt seg å vere lenger i jobben, mellom anna fordi jobb òg handlar om identitet og venskap for mange. Men når alternativet kan vere at unge kollegaer mistar jobben, takkar dei fleste likevel ja til AFP-pakken.

Det at vi får stadig fleire eldre er ei av dei viktigaste utfordringane framover, og med pensjonsreforma har norske politikarar vist at dei slett ikkje er så uduglege som mange vil ha det til. Alle teikn til at yrkesdeltakinga hjå dei eldre stoppar opp, bør difor uroe både dei og oss andre. Det gjev ein god grunn til å grave i årsakene til at dette skjer no.

Droppet:

Les også

Unge mister Nav-støtte

Eit godt spørsmål å byrje med er kvifor bedriftene er villige til å bruke mykje pengar på å bli kvitt sine seniorar? Spør du organisasjonar som Seniorsaken handlar det om fordommar om at eldre arbeidstakarar er mindre effektive, mindre endringsvillige, mindre omstillingsdyktige enn yngre kollegaer. Slike fordommar finn du i dei fleste land, og Norge er neppe noko unntak. Eit utslag av dette er at det blir vanskelegare å få seg ny jobb etter som du blir eldre. I Norsk seniorpolitisk barometer svarar over 60 prosent av leiarane som er intervjua at dei ikkje har tilsett nokon over 50 år det siste året.

Men er det fordommar? Vel, i følgje ein analyse Roar Bergan ved ECON Senter for økonomisk analyse gjorde i 2013 finst det ingen haldepunkt for at eldre arbeidstakarar generelt er mindre produktive enn yngre. Her viste han til ei lang rekke studiar. Han fann heller ikkje grunnlag for at eldre arbeidstakarar er mindre lønsame for arbeidsgjevaren enn yngre. AFP og ytingsbasert pensjon dreg prisen på dei eldre opp, medan opplæring og manglande stabilitet gjer yngre dyrare.

Eit anna svar på kvifor bedriftene kvittar seg med seniorar er at dei sparer pengar på det. I førre veke gjekk den 65 år gamle Civita-økonomen Steinar Juel ut i Dagens Næringsliv og tok til orde for å fjerne spesialordningar for eldre i arbeidslivet. I går følgde NHO-sjef Kristin Skogen Lund opp, med krav om at 60-åringar må bli billigare i drift for å bli like attraktive som sine yngre kollegaer.

Eldre har ofte høgare løn enn yngre, mellom anna på grunn av lønsstigar som gjev automatisk høgare løn dess lenger ein står i jobben. Samstundes har seniorane spesialordningar, som rett til ei ekstra ferieveke når dei passerer 60 år og rett til redusert arbeidstid når dei fyller 62.

I svært krevjande og fysisk tunge yrke finst det gode grunnar for dei to sistnemnde ordningane. Ikkje alle er akademikarar som Juel. Men på den andre sida — mange av dei som no forsvinn ut kunne fint ha jobba lenger, utan at dei hadde trengt noko ekstra ferieveke.

Viss vi skal hindre at folk blir skvisa ut på grunn av alder i åra framover er det gode grunnar til å sjå på desse ordningane, sjølv om det neppe er særleg populært i fagrørsla. Både NHO og LO protesterte kraftig då regjeringa auka aldersgrensa til 72 (70) år, og endå meir av at regjeringa sa dei vurderte å auke den vidare til 75 år.

I staden bør dei no gå saman for å sjå korleis vi kan hindre seniorar blir pressa ut. NHO kan til dømes love kompetanselyft og LO kan sjå på korleis seniorar kan bli billigare.

Vi er ikkje ferdige med å skape eit arbeidsliv der alle kan vere med, òg dei som lettare sjokkert vaknar opp ein morgon og finn bladet «Vi over 60» i postkassa.

Publisert: