Me treng færre grenser, ikkje fleire

DEBATT: I ei internasjonal verd kan ikkje me isolere oss sjølv i litle Noreg.

 MOGELEGHEITER: Som ung og snart ferdig utdanna priser eg meg lukkeleg over at eg har arbeidsmogelegheiter i heile Europa, skriv internasjonal leiar i Europeisk ungdom, Øyvind Hartveit.
  • Internasjonal leiar, Europeisk Ungdom
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

I BT 22. januar kjem Senterungdommen med sitt vanlege samansurium av argument mot EU, EØS-avtalen og generelt internasjonalt samarbeid. Deira tankegang har ikkje rot i røynda og ignorerer korleis verda har utvikla seg dei siste tiåra.

Nordmenn har nemleg nytt godt av å ha forhold til internasjonale marknader, og norsk økonomi går godt på grunn av vår tilknyting til EU. Nordmenn har fantastiske mogelegheiter til å studere i Europa, anten dei går på universitetet eller tar fagbrev, og me kan besøkje Roma like enkelt som Trondheim. Som ung og snart ferdig utdanna priser eg meg lukkeleg over at eg har arbeidsmogelegheiter i heile Europa.

Senterungdommen påstår òg at innvandrarar frå EU tar jobbane våre. Det er både feigt og uverdig mot arbeidsinnvandrarar. Arbeidsinnvandring er heilt nødvendig for at Noreg skal gå rundt, spesielt med vår mangel på arbeidarar innan helse og utdanning. Europeiske sjukepleiarar, ingeniørar, sjåførar, lærarar er ei gåve for Noreg og dei gjer ein vørdeleg jobb.

LUKKELEG: Som ung og snart ferdig utdanna priser eg meg lukkeleg over at eg har arbeidsmogelegheiter i heile Europa, skriv internasjonal leiar i Europeisk ungdom, Øyvind Hartveit.

I ei internasjonal verd kan ikkje me isolere oss sjølv i litle Noreg. Alle dei utfordringane me står i, er delt med våre venar og allierte i Europa. Anten det gjeld økonomisk ulikskap, innvandring, klimaendringane eller sikkerheitspolitikk, må me samarbeide meir, ikkje mindre.

I likskap med Senterungdommen har Europeisk Ungdom ei enkel løysing på problemet: Eit fullverdig norsk medlemskap av EU. Med eit medlemskap vil me få kommissærar, parlamentarikarar, medlemskap av Rådet og opne for at nordmenn kan gå inn i embetsverket til EU. Det vil gje oss innflytelse til å prøve å endre det me ikkje likar med EU og gjere det enklare å arbeide saman med EU rundt saker der me er samde.

Eit fullverdig medlemskap er òg det einaste reelle alternativet til EØS-avtalen. I kaoset som har følgt Brexit-avstemminga så har ikkje britane klart å forhandle seg fram til ein avtale som er betre enn medlemskap, fordi den finst ikkje. EU er vår viktigaste handelspartnar, det største demokratiprosjektet i historia og vår viktigaste allierte i kampen mot globale utfordringar.

I motsetnad til Senterungdommen vil eg heller stå på barrikadane og kjempe for ei meir demokratisk og rettferdig verd med gode kår for alle menneske enn å stengje Noreg inne. Di lenger me ventar, di mindre vil me få gjort.

Har du meninger? Send oss en e-post. Følg BTmeninger på Facebook!

Publisert: