Kor mykje skal vi eigentleg tole?

Kvifor er det ei sjølvfølgje at vi som jobbar i servicebransjen skal akseptere alt – og tole å få kjeft og bli skjelt ut for at vi berre gjer jobben vår?

Thomas Breivik Hop liker å hjelpe kundane. «Men eg synest ikkje det er greitt at eg som står i kassa skal få kjeft for at det er mykje blod i kjøtdeigen», skriv han.
  • Butikkmedarbeidar
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Eg jobbar som butikkmedarbeidar på Extra Dalekvam og treffe masse folk i løpet av ein arbeidsdag her. Eg tenkjer ofte på kor heldig eg er som jobbar i eit serviceyrke.

Eg er så heldig som får vere ein del av kvardagen til folk, dele opplevingar, hjelpe og snakke med alle mogelege typar folk i alle typar situasjonar. Men, her kjem det eit men. Kvifor er det ei sjølvfølgje at me som jobbar med menneske skal stå og ta imot alt kundane har på hjarta?

Sjølvsagt er eg glad i å hjelpe folk, om dei treng hjelp til å finne noko rundt i butikken, noko på privaten eller berre slå av ein prat. Men eg synest ikkje det er greitt at me som jobbar i butikk berre skal stå å godta alt det kundane kjem med.

Eg synest ikkje det er greitt at eg som står i kassa skal få kjeft for at det er mykje blod i kjøtdeigen kunden kjøpte. Eg synest ikkje det er greitt å bli sett dumt på og bli skjelt ut fordi eg slår inn ein pose til 4,25 kroner til ein kunde som handla meir enn han sjølv klarar å ta i handa.

Eg synest ikkje det er greitt at eg blir kalla ein idiot fordi eg lar vere å selje kunden alkohol fordi vedkomande har gløymt legitimasjon heime, eller at klokka er så mykje at alkoholsalet er stengt før helga.

Les også

Til deg ... fra oss som jobber i matbutikken

Noko av det kjekkaste eg veit med min jobb i butikk er å treffe folk, snakke med folk som eg kjenner og møter dagleg, folk som er på veg til hytta, forbipasserande og utanlandske turistar.

Men stadig må eg stå og godta å bli kjefta på for slike ting som ikkje eg har skuld i. Dette gjer at folk som jobbar i servicebransjen gruar seg til å gå på jobb, for å stadig få kjeft for ting som blir bestemt høgare oppe i næringskjeda.

Eg syns det er trist at fleire kundar gjer at folk ikkje trivst med å jobbe i eit serviceyrke, for kundeservice er så viktig, at folk verkeleg har lyst å jobbe for at kundar skal ha ei god kundeoppleving i ein butikk, om bord i ein buss, eit tog eller på ein kafé.

Å nekte folk øl etter at alkoholsalet er stengt, fører ofte til kjeft, skriv innsendaren.

Eg møter alle kundar med eit smil og eit hei, fordi eg veit ikkje korleis mine kundar lever, om dei er einsame, om dei har mange kontaktar og folk rundt seg. Men likevel gjer eg alt eg kan for at mine kundar skal ha ein bra dag og ei god kundeoppleving når dei er hos meg.

Eit smil eller eit hei kostar så lite å gje, men kan likevel bety så mykje for enkelte. Når eg vel å møte deg som kunde med eit smil og eit hei, synest eg det burde gå andre vegen også.

Eg blir stadig møtt med blikk, folk som berre ser på meg og går forbi, men hugs at dette også går ut over oss som skal møte fleire kundar enn deg i løpet av ein dag. Eit stygt blikk eller kommentar kan gjere det vanskelegare for oss å også vere hyggeleg med andre.

Eg synesy mange kundar må skjerpe seg, vær snill å tenk over korleis du oppfører deg når du er innom ein butikk. Om det er nærbutikken din, butikken du stoppar innom når du skal på hytta eller er på ferie.

Ta vare på folk som veljar å jobbe i butikk, som veljar å bruke tida si på å gjere dagen din og kundeopplevinga di bra!

Kva vil du skrive om? Send eit innlegg til debatt@bt.no! Usikker på korleis? Sjå tips på denne sida.

Korleis møter du butikkpersonalet?

Publisert: