Er småbarnslivet slitsamt eller sutrar foreldre for mykje? Dette meiner tre familiar.

Minstejenta Emilie (2) på armen til mamma Elin Jensen under bursdagsfeiringa for storesøster.

Elin Jensen (43) er delvis einig med Harald Eia. – Det er ein slags hemmelegheit kor fantastisk det er med barn.

Publisert: Publisert:

– Det er ikkje slitsamt å ha barn, uttalte komikar og sosiolog Harald Eia (58) nyleg.

Firebarnsfaren meiner det er eit overdrive samfunnsfokus på kor slitsamt det er å ha barn – og at dette skader fødselstala i Noreg.

Trass gode permisjonsordningar, føder norske kvinner i snitt berre 1,4 barn kvar. For få har lytta til Erna Solberg si oppfordring om å lage fleire born for å oppretthalde folketalet.

– Så mitt forslag til løysing her er å slutte å fokusere på at barn er så forbanna slitsamt, tidsklemme og at dei er masete. Då vil denne «sanninga» om at det å ha barn er eit slit, fordampe og fødselstala går opp, seier Eia i «Tore og Haralds podkast».

Utsegna har utløyst debatt. Nokre meiner Eia har heilt rett, medan andre er ueinig i analysen.

Vi har spurt familiar på Vestlandet om korleis livet er som småbarnsfamilie og kva dei tykkjer om debatten.

Elin Jensen, fembarnsmor

 «Vær så god, Erna», skreiv Elin Jensen på Facebook då ho fødde nummer fire. Men samfunnet er ikkje lagt opp til at ein skal ha mange barn, meiner fembarnsmora.

– Det er ikkje tid før påske. Livet med fem barn er rett og slett for travelt, skreiv Elin Jensen på SMS til BT då vi spurte om intervju.

Så ombestemte ho seg og tok imot BT midt under eit bursdagsbesøk for eldstedottera Karoline (9).

19 festkledde jenter tok over stova på Nesttun der familien på sju bur.

– Kos og kaos, seier Elin Jensen (43). Ho er vant med mange jern i elden.

Dagen etter er det foreldresamtale på skulen, påskemiddag i barnehagen, køyring til og frå turn, friidrett og fotballtrening – alt mens mannen Andreas Jensen er oppteken på jobb. Deretter er det hennar tur til å jobbe lenge.

Ho har ikkje hatt tid til å høyre podkasten der Harald Eia snakkar om småbarnslivet.

– Så klart det er slitsamt, seier fembarnsmora.

Samstundes meiner ho at Eia har eit poeng i at vi ikkje må snakke ned det å ha barn.

Fram til Jensen var 30 år hadde ho ikkje lyst på barn. Ho fokuserte på karriere i IT-bransjen og reiste mykje. Så bestemte ho og mannen seg for å få eitt barn.

– Då fann eg ut kor fantastisk det var. Det var ein slags hemmelegheit.

På elleve år har kjærleiken blitt femdobla. Ho ser stor verdi i at dei er mange i søskenflokken.

Alle ungane kranglar med den som er hakket yngre enn seg sjølv, men det er alltid nokon å vere saman med.

– Eg skulle ønske nokon hadde fortalt meg kor fantastisk det var med barn før eg fylte 30 år.

Det er berre éin ting ho angrar på.

Les hele saken med abonnement