Fornuft og fylkesmenn

Kvaliteten på tenestene innbyggjarane får, må vere avgjerande for kva slags kommunar som bør slå seg saman.

RÅD: Landets fylkesmenn skal no gje råd til kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H). Dei må vise evne til å sjå heilskapen i fylket, også når den avvik frå ønskja til einskilde kommunar, skriv BT på leiarplass.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

I dag er siste frist for kommunar til å velje om dei vil slå seg saman med andre, eller om dei vil stå åleine. Resultatet frå alle folkerøystingane er nedslåande og har ikkje gitt den tilslutninga til reforma ein kunne håpe på. No skal fylkesmennene gje sine råd til departementet.

Råda må basere seg på kva som vil gje det beste tilbodet til innbyggjarane.

Den storstilte kommunereforma til kommunal— og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) blir ikkje så storstilt likevel. Når fristen for kommunane i dag går ut, endar vi ifølgje NRK opp med ein reduksjon på cirka 40 kommunar landet rundt. Det er mindre enn ti prosent som no seier at dei frivillig giftar seg med naboen. Dette er utgangspunktet landets fylkesmenn har å halde seg til når dei no skal vurdere kva som er rett kommunestruktur i fylket.

  • Se også: Følg vegen mot nye Vestlandet
    Vårens folkerøystingar har hatt låg oppslutning. I mange kommunar har valdeltakinga vore langt under 50 prosent. Det kan vere med på å undergrave legitimiteten til avrøystingane. Innbyggjarane har hatt valet mellom ikkje berre to, men kanskje fire og fem alternativ. Då er det som vi har sett, ikkje lett å få fleirtal for eitt av dei. Og når alt kjem til alt, stemmer ofte folk med magekjensla. Kor vil eg høyre til? Det er lett og forståeleg at mange fell ned på status quo, når alternativet er uklart og ein kjenner seg identitetsbunden til ein kommune eller eit kommunenamn.

I Hordaland ligg det an til ein reduksjon frå 33 til 28 kommunar, mens det i Sogn og Fjordane kan gå frå 26 til 22. Det er smålåtent, men er eit steg i rett retning. Fram til 1. oktober skal fylkesmennene gjere sine vurderingar rundt kva som er rett struktur på kommunane i fylka.

Då må dei sjølvsagt ta omsyn til resultata i folkerøystingane og dei etterfølgjande vedtaka i kommunestyra. Men dei skal gjere sine eigne vurderingar basert på eitt spørsmål: Er kommunevedtaka i tråd med intensjonen til reforma? Som kjent er det viktigaste målet med å redusere talet på kommunar at innbyggjarane skal få eit likeverdig tilbod, uansett om dei høyrer til kommune A eller B.

BT meiner:

Les også

Valets kvalar

I mange kommunar har ikkje folket gitt eit tydeleg råd til dei folkevalde. Det har sat kommunestyrene i ein vanskeleg situasjon. Derfor er det no avgjerande at fylkesmennene baserer sine råd på fakta og kvaliteten på tilbodet til innbyggjarane. Vonleg vil det gje ei meir nøktern og reell skildring av trongen for samanslåing. Fylkesmennene må vise evne til å sjå heilskapen i fylket, også når den avvik frå ønskja til einskilde kommunar.

Det er til slutt Stortinget som avgjer det heile, basert på ein endeleg proposisjon frå regjeringa. Det aller beste er sjølvsagt at samanslåingane skjer frivillig. Ein skapar som regel ikkje gode ekteskap eller fellesskap om ein tvingar folk til å vere i lag.

Regjeringa sitt prestisjeprosjekt ser ut til å bli ein nedtur. Det er ei særs krevjande øving for regjeringa å neglisjere lokaldemokratiet. I ei sak der kjenslene i stor grad har fått styre, må no fylkesmennene bidra med fornuft.

Mathias Fischer:

Publisert: