Feil kan skje – og vil skje

Vi forstå at medarbeidarar blir frustrerte når verktøya ikkje fungerer. Men nokon garanti for at det ikkje vil oppstå feil kan vi ikkje gje.

ALVOR: Vi tar ikkje lett på kor sårbare sjukehusa er for svikt i journalsystemet, skriv Herlof Nilssen.
  • Herlof Nilssen
    Herlof Nilssen
    Administrerande direktør i Helse Vest RHF
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Torsdag 9. juni hadde vi ein krevjande dag for medarbeidarar og pasientar i sjukehusa på Vestlandet, grunna problem med pasientjournalsystemet i Helse Vest. Dette er svært beklagelig — og dessverre ikkje heilt uunngåeleg. Feil skjer og vil framleis skje i framtida.

Det er bygd gode system for handtering av informasjon i sjukehusa gjennom mange år. Informasjon som tidlegere blei ført manuelt på papir og på kvar enkelt eining, med den risikoen det innebar for feil, dårleg informasjonstryggleik og mangelfull deling av informasjon, inngår no i digitale løysingar.

Digitale løysingar er meir sikre og det er heilt andre moglegheiter for å la informasjonen frå journalane følgje pasienten i behandlingsløpet, mellom behandlarar og mellom behandlar og pasient.

Vi har stor forståing for at medarbeidarar blir frustrerte når verktøya dei er avhengige av ikkje fungerer. Ansvaret vårt for pasientbehandlinga går framfor alt anna. Men nokon garanti for at det ikkje vil oppstå feil frå tid til anna kan vi ikkje gje. Feil i datasystem oppstår, og det vil skje igjen.

Det er uansett ingen strategi å gå tilbake til tida med papirjournalar. Nettopp difor må vi ha ein beredskap som sikrar at konsekvensane av feila blir så små som mogleg. Helse Vest IKT skal sikre dei tekniske løysingane og helseføretaka må ha planar for å handtere situasjonen i sjukehusa ved driftsproblem.

Måndag 13. juni hadde så Bergens Tidende ein leiar som omtala situasjonen vi hadde torsdag. At beredskapsløysinga vi sette i verk ikkje var optimal er det ikkje vanskeleg å seie seg einig i, og her er det mykje lærdom å ta med seg i det vidare beredskapsarbeidet vårt. Men når BT går derfrå til å ta for seg journalsystem og leverandør er vi ikkje heilt einige.

BT bruker høvet til meir enn å antyde at det er for stor avstand mellom IKT-miljøa og klinikarane. Hadde BT satt seg inn i korleis vi arbeider med utvikling av system i Helse Vest ville ein sett at dette er feil.

I utviklinga av pasientjournalsystemet har vi nettopp avslutta eit arbeid kor klinikarar, merkantilt personell og IKT-utviklarar saman har funne løysinga for vurdering av tilvising og planlegging.

Andre aktuelle døme er system for elektronisk kurve og elektronisk bildearkiv. Vi kan ha respekt for at nokre klinikarar opplever at akkurat dei ikkje sit tett nok på, men sanninga er at det ikkje blir utvikla pasientnære system i Helse Vest der klinikarane ikkje er tett involverte i prosjekta.

Og for ordens skuld: Denne gongen oppstod det driftsproblem etter ei oppgradering av system, dette har lite med utviklinga av løysingane å gjere.

Vi tar ikkje lett på kor sårbare sjukehusa er for svikt i journalsystemet. Det er ingen hos oss som bagatelliserer dette. Som BT, meiner vi at velfungerande IKT-løysingar er ein føresetnad for eit velfungerande helsevesen.

Publisert: