Jublar over regnet

Meteorologen spår rotbløyte måndag. Feriefolk deppar, men bonden gler seg.

GULT GRAS: Bonden Agnetha Andersen og sonen Cato Leander (4) ventar på regnet. Måndag kjem det.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

Bonden myser mot himmelen. Knapt ei sky i sikte, men ho veit at regnet akkurat no held stø kurs mot norskekysten. Det har Vervarslinga på Vestlandet garantert.

— No er me heilt sikre. Måndag kjem ei god rotbløyte, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

For Lindås-bonden let det som musikk i øyret. Juni har vore så tørr og varm at dei åtte kvigene må beita blant tørre, gule grastustar.

— Endeleg. Me jublar for regnet, seier Agnetha Andersen.

Gerd Margrete Tjeldflåt om det våte livet:

Les også

Diagnose: Vestlending

Våtare, varmare

Skuleferien er knapt i gang før regnet gjer vendereis vestover og blir ei stund.

— Det kan bli 15 til 20 millimeter nedbør måndag, og byer resten av veka. Det ser ut til å bli noko nedbør kvar dag. Langtidsvarselet ser rett og slett ikkje bra ut, seier Fagerlid.

For folk som skal ut i ferie, kan vêrmeldaren trøyste med at temperaturane i det minste ikkje blir så verst.

— No i helga har me hatt kald, tørr luft frå Nord-Noreg. Lufta som kjem no er våtare, men også mildare. Det blir temperaturar på mellom 15 og 20 grader. Også nettene blir varmare.

Kjøler seg ned i fjøset

Bonden på Kolås gnir tørt, gult gras mellom fingrane. For henne og alle andre som gjerne ser at det veks, er vêrmeldinga godt nytt.

— Det var så tørt at me vurderte å køyra vatn ut i gjødselvogner. Men då innførte Lindås kommune vatningsforbod på grunn av langvarig tørke, fortel Andersen.

— Korleis har kyrne det i varmen?

— Etter eit par timar ute vil mjølkekyrne helst inn att i fjøset. Der er det vifte og svalare.

REGN I VENTE: Både for graset og kvigene på Kolås har juni vore i varmaste laget.

Mot normaltOgså statistisk har juni vore uvant varm og tørr på Vestlandet.

— Snittemperaturen har så langt vore 16,1 grader. Det er nesten tre grader over snittet for juni. I Bergen har det berre kome 7,9 millimeter regn, seier Fagerlid.

Det er så lite at det berre utgjer seks prosent av nedbøren i ein normal junimånad.

— Det skal kome veldig mykje regn i resten av månaden før me når opp tildet som er normalen, legg han til.

MOT NORMALT: Veker med sol er over for denne gong, etter ein juni med uallminneleg lite bergensregn.

Framleis håp

Sjølv om meteorologane er temmeleg sikre på at resten av juni ikkje blir særleg solfylt, er det grunn til å minna om at det enno er tidleg på sommaren.

— Dersom finvêret hadde halde seg, ville me nærma oss toppsjiktet i konkurransen om den finaste sommaren nokosinne. Spørsmålet er om regnvêret dei neste dagane berre blir eit blaff. I så fall ligg me framleis brukbart an, seier Fagerlid.

Den beste sommaren? Den hadde me for 19 år sidan.

— I 1997 hadde me 61 dagar i juni, juli og august med makstemperatur over 20 grader. Også sommaren i 1947 var tørr og varm, men 1997 var endå betre!

Bondens år

Fylkesmannen i Hordaland har ikkje fått inn mange meldingar om at regnmangelen har skapt problem for bøndene. Så langt er grasavlingane normalt gode.

— Fruktbløminga var også bra i år, og det blir meldt om mykje kart. Så langt ser året lovande ut for bøndene, seier landbruksdirektør Åsa Vaag.

— Det har vore passeleg varmt og passeleg med væte, så starten på vekstsesongen har vore veldig god. Temperaturane har også vore gunstige for insekta under pollineringa.

TØRT, GULT: Ingen draumejuni for graset.

— Bra med regnDei fleste bøndene er ferdige med førsteslåtten. På Kolås var den unnagjort førre helg, men gav ikkje i så mykje gras som forventa på grunn av varmen og tørken.

— Me håpar andreslåtten blir betre, seier Andersen.

Også landbruksdirektøren helsar regnet velkomen.

— No skal det vekse til att. Då er det bra med regn. Vi treng litt væte.

Publisert:

BT anbefaler også disse sakene