Utdatert abortnemnd

Ei gravid kvinne som får vite at barnet ikkje er levedyktig, må få sleppe å møte i abortnemnd dersom ho ikkje ønskjer det.

UNØDIG: Ei kvinne som får vite at barnet ikkje vil vere levedyktig, må kunne velje å gjennomføre ein abort utan å gå til ei nemnd først, skriv BT på leiarplass. Mette Didriksen (biletet) opplevde dette som ei ekstra belastning.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

Å tvinge kvinner som ønskjer å ta abort fordi fosteret ikkje er levedyktig til å møte framfor ein slags domstol, er ei nedvurdering av deira evne til å ta sjølvstendige val. Gravide i ein vanskeleg situasjon treng ikkje ei slik ekstra bør. Å møte framfor abortnemnd kan vere ei god løysing for kvinner i tvil. Men ordninga bør vera frivillig, og dagens praksis bør revurderast.

Ifølgje abortlova frå 1978 kan kvinner sjølv avgjere om dei vil ta abort fram til fosteret er 12 veker. For dei fleste kvinner er dette ei vanskeleg avgjerd som ber med seg store samvitskvalar, uansett om fosteret er fem, ti eller femten veker.

  • Les debattinnlegget til Mette Didriksen: Den stille sorgen
    Det er også lov å gjennomføre abort mellom 12. og 22. svangerskapsveke, men då må ein ha særskilt tillating. Slike tilfelle kan vere at ein etter ultralyd eller andre undersøkingar, finn ut at fosteret ikkje vil vere levedyktig etter fødsel. BT omtalte denne veka situasjonen til Mette Didriksen, som i 18. svangerskapsveke måtte møte i nemnd til trass for at to legar og ei jordmor hadde slått fast at fosteret ikkje ville vere levedyktig.

Didriksen var i ein fortvila situasjon og opplevde krav om nemnd som sløsing med ressursar og ei ekstra belastning.

Det er lett å vere samd med Didriksen. Legane fortalde henne at nemnda berre var ein formalitet. Ifølgje Didriksen hadde legane i nemnda allereie før ho møtte, skrive under på at abort var innvilga. Men inn måtte ho likevel. Det viser kor rigid denne ordninga er.

Leiaren for abortnemnda ved Haukeland universitetssjukehus, June Trovik, forklarer til BT at poenget med ei nemnd er å sikre seg at kvinna har den informasjonen ho treng og at aborten er hennar ønske. Men ein må kunne sørgje for at ho har opplysningane ho treng utan å krevje at ho skal stå skulerett.

Mette Didriksen bar på et ikke-levedyktig foster, men måtte møte i abortnemd:

Les også

KK: -  Vi har ikke klart å ivareta henne godt nok

Eit argument for ei nemnd er at ein fangar opp dei som ønskjer å bere fram eit sjukt barn, sjølv om legar har tilrådd abort. Det er viktig at også kvinner som ønskjer å bere fram barn som legane ikkje trur vil klare seg, får støtte til å gjere nettopp dette. Ingen skal bli pressa til å ta abort, korkje av partnar, medisinsk personell eller andre.

I saker som Mette Didriksens, der det ikkje er tvil om at fosteret ikkje er levedyktig, må ein kunne stole på at sjukehusets legar er i stand til å gje råd til kvinna utan at ho i tillegg må til ei nemnd. Det er ei stor nok belastning å få vite, i 18. svangerskapsveke, at barnet ditt er så sjukt at det ikkje vil leve opp. Nemnda består av to legar, den eine utpeika av fylkeslegen, altså staten. At staten skal blande seg inn i dette, er høgst diskutabelt.

Ein abort er ikkje noko å ta lett på. Å gjennomføre ein abort er for dei fleste kvinner eit tungt val, som mange brukar tid å på å ta. Det gjeld også når barnet viser seg ikkje å vere levedyktig. Men det er deira sjølvstendige val. Det er ei mistillit til kvinners vurderingsevne å krevje at dei skal vere nøydde til å forsvare valet sitt framfor ei nemnd.

Publisert: