Her testar dei Nordens lengste zipline

– Dette har vore ein draum i mange år, seier Pål Mikkel Dalsbotten (35).

Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

35-åringen står rett under dei tjukke stålkablane som skal sende folk 1381 meter, rett ned Flåmsdalen.

Midt mellom dei bratte fjella, rett ved Rallarvegen, er draumen han har bore på i mange år i ferd med å bli røyndom.

Ved hjelp av Nordens lengste zipline, skal kven som helst kunne fyke ned Flåmsdalen.

Den luftige turen frå Vatnahalsen til Kårdalen, skal berre ta eit drygt minutt.

– Det blir litt sug i magen, for å seie det slik.

1300 METER LANG: Festa til stålkablar, kan snart kven som helst suse ned Flåmsdalen i Aurland. Pål Mikkel Dalsbotten og Per Christian Terum håpar på opning i løpet av august.

100 kilometer i timen

Dei italienske arbeidarane som er leigd inn for å byggje ziplina, jobbar på spreng for å bli ferdig i tide.

Her har dei jobba i fleire månader, berre i selskap av brekande geiter, og turistar som susar forbi på sykkelvegen.

– No driv dei og monterer bremsene for teste banen. Det er kanskje greitt med bremser når ein har ein toppfart på 100 kilometer i timen, seier Dalsbotten.

STØLSYSTERI: Kårdalen stølsysteri ligg like ved der ziplina stoppar.

Frå draum til røyndom

Det er han, saman med Per Christian Terum (34) og fire andre familiemedlemmer, som har starta selskapet Flåm Zipline. Ideen fekk Dalsbotten for mange år sidan.

– Berre sjå rundt deg. Kor ville det vore ein meir perfekt plass å lage noko sånt?

Turen med ziplina startar frå Vatnahalsen, øvst i dalen. På toppen har dei bygd eit platå med utsikt ned dalen.

Strekka ned til Selbøen er på 1300 meter. Nordens lengste zipline med andre ord.

FLÅMSDALEN: Frå Vatnahalsen har ein god utsikt ut over Flåmsdalen.

Opnar i august

På det høgaste svevar ein 140 meter over bakken. Turen har ein total høgdeskilnad 305 meter, fortel Dalsbotten.

Han fortel at dei har fått noko stønad frå Aurland kommune. Resten av den totale prislappen på ti millionar kroner, pungar dei ut sjølv.

Håpet er at ziplina skal kunne gje ei ekstrainntekt til stølsdrifta like ved, seier han.

SNART KLAR: Dei italienske arbeidarane som er leigd inn for å byggje Flåm Zipline, har jobba i fleire månader. No er det berre testing og godkjenning som manglar.

Denne veka testa dei den nybygde ziplina med monterte bremser for første gong.

– Dett gjekk jo veldig bra, seier Dalsbotten, etter at den italienske byggjesjefen har kome svevande ned frå toppen.

No ventar dei berre på godkjenning frå Statens jernbanetilsyn. Frå midten av august kan kven som helst kaste seg ut for Vatnahalsen.

Publisert: