Landemerke i Sogn til sals

Sorenskrivargarden på Loftesnes er til sals for første gong sidan 1869.

LOFTESNES: Den tidlegare sorenskrivargarden i indre Sogn vart freda i 1923.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

Den imponerande bygningen har vore eit landemerke i Loftesnessundet, like ved Sogndalsbrua, i 240 år. I fire tiår frå 1776 var huset bustaden til sorenskrivaren i indre Sogn.

Sidan har herskapshuset gjort teneste som både jordbrukskule, folkehøgskule, pensjonat og privatheim.

No er den freda sorenskrivarbustaden til sals for første gong sidan 1869. Prisen er 6, 5 millionar kroner.

Meklar Stian Grøtte i Privatmegleren kjenner ikkje til at ein privat bustad er seld til høgare pris i Sogn.

Rett nok skal ein prakteigedom inst i Barsnesfjorden i Sogndal ha blitt seld for 13 millionar kroner i 2008, ifølgje NRK, men det er ein fritidseigedom med lakserettar og privat hyttetun.

Full fest

Sorenskrivar Michael Fleischer bygde sorenskrivargarden i 1776. Ifølgje Allkunne er Loftesnes eit av dei vakraste og mest velproporsjonerte husa i Sogn og Fjordane.

Huset har pannedekt valmtak over to fulle etasjar. I andre etasje ligg den vakre festsalen med mønsterlagt golv, dekorasjonar i taket og originalt tapet som vart nitid restaurert i fjor.

Her inne gjekk det særleg heftig for seg etter at postopnar og forlikskommisær Hartvig Irgens fekk skøyte på garden i 1812. Sogndal-sosieteten tura og festa i dagesvis om gongen.

FESTSALEN: Stilarten er definert som blanding av barokk med klassisisme med rokokodetaljer.

Hartvig skydde heller ikkje å slakta krøter i beste beitetid for å by gjestane på ferskt kalvekjøt.

I slekta sidan 1869

Men Hartvig levde over evne. Til slutt gjekk det over styr. Han mista begge jobbane, og i 1869 gjekk Loftesnes under hammaren.

Den nye eigaren var ein bondeson frå Årdal, Eirik Ofredal. Heilt til no har denne slekta rådd på garden. Britt Loftesnes blir siste generasjon. Det er ho som sel garden.

— Sjølvsagt er det vemodig. Samtidig kjenner eg at eg har gjort det eg kan for huset. Det er på tide å sleppe andre til. Huset fortener nokon som kan gå på med nytt mot, seier Loftesnes.

LES OGSÅ:

Les også

Bergens Villa Villekulla selges for 23 millioner

Freda eigedom

— Korleis er det å bu så herskapleg?

— Heilt fantastisk. Me har budd her sidan 1995 og hatt veldig gode år. Huset ligg midt i Sogndal og ute på landet på same tid. For dei fire ungane har dette vore ein god plass å veksa opp. No er dei på veg ut av reiret, og huset blir for stort for meg aleine.

INTERIØR: Ei av stovene på Loftesnes.

— Er det ei utfordring å bu i eit freda hus?

— Nei, me har hatt eit fantastisk godt samarbeid med Arlen Synnøve Bidne i fylkeskommunen. Eg ville ikkje kvidd meg i det heile for å bu i eit freda hus igjen, og det er heilt sant, seier Loftesnes.

Frå Sveits på vising

Interessa har vore svært stor etter at eigedomen vart lagt ut for sal. Meklaren ventar storinnrykk på visinga sundag.

— Eg er blitt nedringt. Folk har ringt både frå Oslo og Bergen, og ein familie kjem heilt frå Sveits til visinga. Majoriteten av interesserte er likevel frå Sogn og Fjordane, opplyser Grøtte.

— Kor spesiell er denne eigedomen?

— Eg har jobba som meklar sidan 1997 og selt over 2300 hus. Loftesnes er verkeleg eit av dei aller mest spesielle. Dette er eit klenodium midt i indrefileten i Sogndal, servert på eit sølvfat.

Publisert:

BT anbefaler også disse sakene