Elevar fylte heile Torgallmenningen

Hundrevis av elevar møtte opp for å protestere mot regjeringas nye fråværsgrense.

Fleire hundre elevar møtte opp i demonstrasjon for å protestere mot fråværgrensa.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over åtte år gammel

– Den komande fråværsgrensa skremmer meg slik at eg gruer meg til å gå på skulen. Denne grensa vil skremme, ikkje motivere oss, sa Agathe Waage, leiar i Elevorganisasjonen i Hordaland, til forsamlinga på Torgallmenningen.

Hundrevis av elevar frå ungdomsskular og vidaregåande skular i fylket møtte opp for å vise kva dei meiner om regjeringa sitt forslag.

Elevane droppa såleis skuledagen til fordel for demonstrasjon.

Les også: 10.000 elever ventes å streike mot ny fraværsregel

– Den nye fråværsgrensa inneber at berre ti prosent fråvær vil gjere at ein stryk i eit fag. Ein må hugse at det er ulike grunner bak fråværet, seier Aleksandra Lønøy (21).

(Saka held fram etter bilda)

DEMONSTRERER: Katrina Kiesnere (til v.), Madelene Larsen og Aleksandra Lønøy frå Årstad vidaregåande, møtte opp for å vise motsand mot fråværsgrensa.

I lag med Madelene Larsen (18) og Katrina Kiesnere (23) går Lønøy på barne— og ungdomslinja ved Årstad vidaregåande skule.

– Vi ønskjer at fleire skal gå på denne skulen, men den nye regelen vil føre til at færre søkjer seg inn, trur Løkøy.

– Ein drop-out-garanti

Blant appellantane var Daniel Charles Hextall, Mikael Pedersen og Erik Wichstad. Dei møtte stor jubel frå tilskodarane.

– Aldri har ein generasjon stressa seg så sjuke. Folk har kjensler og problem som ein ikkje finn i tala, sa Hextall frå Hordaland Sosialistisk Ungdom.

APPELL: Agathe Waage frå Elevorganisasjonen innleia elevstreiken på Torgallmenningen onsdag.

Mikael Pedersen frå Grøn Ungdom peika også på mobbing og psykiske vanskar som kan vere vanskeleg å dokumentere. Med den nye grensa er det ingen rom for skjønn, sa han, og la til:

– Norge er fullt av unge som berre har lyst til å stå.

Les også: Jeg må føre fravær i dag — dessverre

Agathe Waage var ikkje i tvil om kva ho meinte:

– Fråværsgrensa blir ein drop-out-garanti. No må eg vurdere å droppe ut av eit fag sjølv om eg har kompetanse. Problemet er årsakene bak, ikkje fråværet, sa ho til mengda.

ELEVSTREIK: Torgallmenningen onsdag føremiddag.

Waage understreka at det er elevane som sjølv veit best.

– Vi lever i eit prestasjonsfiksert samfunn. Ein av fire droppar ut. Denne fråværsgrensa vil tvinge endå fleire ut, og vil ikkje ta fatt på sjølve problemet. Vi er ikkje eit tal, sa Waage, og slo fast at det er deira kvardag det handlar om.

Vil ha meir tilrettelegging

Erik Wichstad frå Rød Ungdom ønskjer meir tilrettelegging og forståing.

– Det blir som å ta ibux når du har lungebetennelse. Eg tenkjer på Espen som ikkje tørr å gå på skulen på grunn av mobbing, eller Marita som gøymer seg under dyna, fordi ho hatar kroppen sin, sa han.

Wichstad etterlyser fleire helsearbeidarar og lærarar, eit mobbeombod i kvart fylke, samt mindre skuleklassar.

– Vi kan ikkje berre ha helsesøster annakvar fredag mellom elleve og tolv. Tre av ti ungdomar føler at dei ikkje strekk til. Korleis vil den nye fråværsgrensa hjelpe dei, spurde Wichstad ei engasjert folkemengde.

Hextall opplyser til BT torsdag at 1100 elevar har tatt kontakt for å få dokumentert sitt oppmøte på streiken.

Dette er dei nye fråværsreglane frå Utdanningsdepartementet.

Publisert: