Kraftig auke i melde overgrep i vest

Politiet i vest har registrert ei 73 prosent auke i melde overgrepssaker mot barn i løpet av to år. No ber dei POD om ekstrapengar til å drifte Dark Room-satsinga vidare.

DARK ROOM: Politiet si Dark Room-etterforsking har ført til at fleire har meldt overgrep til politiet, ifølgje politiet sjølv. Her etterforskingsleiarane Hilde Reikrås (til v.) og Janne Ringset Heltne.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

Talet på registrerte seksuallovbrot har hatt ei eksplosiv vekst i Vest politidistrikt dei to siste åra: 60 prosent fleire saker i 2016 samanlikna med 2014.

Det syner ein fersk årsrapport frå politiet. Måndag la politimeisteren i Vest politidistrikt fram tala som syner kriminalitetsutviklinga i 2016.

«Det er ikkje mogeleg ut frå tala å seie om det er ein reell auke eller om fleire har valt å melde lovbrota til politiet», seier politiet sjølv om auken.

Samstundes vart det registrert 173 valdtektssaker i Vest politidistrikt. Det er meir enn 20 saker fleire enn året før.

11 av valdtektsofra var menn.

Les også

Les også: Får Dixi-prisen for sin innsats i Dark Room-saken

Dark Room-effekt

Politiet si satsing på overgrep mot barn – som Dark Room-etterforskinga – er med på å forklara noko av auken.

«Ein vonar at auka fokus på seksuallovbrot mot barn mellom anna gjennom media og OP Dark Room gjer at fleire står fram og melder slike lovbrot og at den auka innsatsen frå politiet kan verke førebyggjande overfor potensielle lovbrytarar».

Dark Room-satsinga starta i januar i fjor. Meir enn 50 menn har status som sikta eller dømd i saka.

Det er også framleis ein kraftig auke i talet på saker som gjeld seksuelle overgrep mot barn.

«For desse gruppene blei det registrert 201 saker i 2016 mot 155 i 2015, ein auke på 30 prosent. Samanliknar ein med talet for 2014 (116 saker) har det i løpet av dei siste to åra vore ein auke på ca. 73 prosent.», skriv politiet i rapporten.

Auke òg utan Dark Room

Politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt seier det heilt spesielle med 2016-tala er at dei «veldig sterkt» synleggjer den auka satsinga på saker om overgrep mot barn.

– Og det er ein auke som ikkje berre skuldast Dark Room-saka. Også uavhengig av den saka er det ein stor auke, seier Songstad.

Songstad meiner også at fleire såkalla tilrettelagde avhøyr gjer at barneovergrep-sakene vert etterforska på ein fagleg meir grundig måte.

– Kan hende gjer det også at fleire saker vert oppklarte.

Songstad understrekar at dei satsar generelt meir på seksuallovbrot i det heile, ikkje berre mot barn.

– Det er eit felt vi i aukande grad er merksame på og brukar ressursar på, inkludert valdtekter.

Ber om pengar til Dark Room

Politimeisteren seier dei no har søkt om rundt fem millionar kronar til å drifte Dark Room-satsinga vidare. Dei pengane har dei spurt det såkalla Samordningsorganet i Politidirektoratet om.

– Kan hende vert prosjektet organisert på ein annan måte grunna nærpolitireforma. Prosjekt skal ikkje leve evig. Men Dark Room vil halde fram også i 2017, forsikrar den øvste leiaren for politidistriktet.

Samstundes lovar han òg at metodane som Dark Room byggjer på skal verte nytta vidare, også på andre saksfelt.

– Det gjeld særleg lovbrot som skjer på nettet.

Færre narkosaker

Tidlegare måndag kom ferske narkotikatal frå Kripos og Tollvesenet.

Aldri før er det blitt beslaglagt så mykje hasj som i fjor: 3,1 tonn.

Politiet i vest har likevel sett ein betydeleg nedgang i talet på narkotikabrotsverk – totalt 426 færre saker i fjor samanlikna med året før. Stenginga av Nygårdsparken i 2014 – og den etterfølgjande innsatsen mot narkotikamiljøa – har ifølgje politiet gitt utslag i svært høge tal på melde narkolovbrot i perioden 2012–2014.

«Frå august 2014 har ei eiga innsatsgruppe jobba med opne russcener.
Gruppa har dei siste par åra hovudsakeleg nytta bortvisningar som alternativ reaksjon til å melde personar for bruk og innehaving. Dette kan også ha medverka til at talet på narkotikalovbrot er lågare enn tidlegare.», skriv bergenspolitiet.

Talet på grove narkotikabrotsverk har også gått ned. I fjor produserte politiet 62 slike saker, i eit år kor ressursar blei flytta til ein større dopingsak.

Les også

Les om politiet si store dopingsak her: Bolerens marked

Oppklaringsprosent går ned

Hordaland og Sogn og Fjordane politidistrikt vart 1. januar i fjor slått saman til eitt nytt distrikt. Politiet i vest hadde i fjor ein samla oppklaringsprosent på 51,5.

Ifølgje politiet er det fleire faktorar som speler inn på dette talet.

«Kriminalitetsbiletet har blitt meir komplisert, og politiet bruker meir tid på fleire alvorlege saker. Dermed blir det mindre tid til å granske dei mindre alvorlege sakene. I tillegg har den generelle kriminaliteten blitt meir internasjonalisert og samansett dei siste åra.», heiter det.

Gamle Sogn og Fjordane politidistrikt hadde rett nok ei oppklaringsprosent på 71,4 prosent, medan gamle Hordaland, med sine 46,7, dreg ned det totale snittet.

Politimeister Songstad meiner tala for oppklaring av lovbrot rett og slett ikkje kan givast noko vekt. Det har både med samanslåinga av politidistrikta og den nye straffelova å gjere, seier han.

Politidistriktet tar mål av seg til å få fleire grove narkosaker i 2017.

– Vi har forklart grundig kvifor talet på slike saker vart tatt ned i fjor, seier Songstad, og tenkjer da på den mykje omtala saka om narkovarselet. Målet for 2017 vert 110 grove narkosaker, som er måltalet dei har jobba etter også tidlegare.

– Eg vil også ha mindre fokus på dei mindre alvorlege narkosakene.

Publisert: